Slik gjorde vi det:

Lærar pakka ut og opna kista og synte fram kvar gjenstand. Klassen organiserte seg i grupper; gruppene las kvar si delforteljing og presenterte den i rekkjefylgje, så handlingsgangen var kjend for alle. (Det hadde vore greitt med maksimallengde på tekstene, både for innholdet si skuld; og det hadde absolutt gjort det enklare å tilpasse tida.)

Klassen hadde så ei runde med kommentar og idemyldring om rammer og innhold, før gruppene gjekk i gang med sine utkast. Forteljingar og utkast og framlegg til gjenstandar vart presentert i full fart, så som tida tillot. Gruppenotatar og lærars notatar frå dei munnlege framføringane var utgangspunkt for neste ledd, idear til ein presentasjon. Lærar reinskreiv produktet.

Rammene for arbeidet:

Siste økt i historie, dvs siste delen av to samanhengjande økter á 90 minutt var avsett til ASPstoryline. Historiefaget gjorde det kritisk-analytiske perspektivet til ein sjølvsagt tilnærmingsmåte både til dei føreliggjande forteljingane, og til "kjeldene", skrinet eller kista inkludert. Forestillinga om at storylineopplegg skal vera fakta formidla gjennom fiksjon har nokså sterk forankring i klassen. Ei viss forventning til informasjonsverdien av innholdet vart dermed ikkje innfridd, men særleg at dette var siste økt av eit 150 timars historiekurs, og, ikkje minst, at russementaliteten hekk noko i enda, forklarar lattermilde kommentarar og bidrag til forteljing, forsking og framlegg til gjenstandar i skrinet (Vi kunne velje og vraka og valde bort ein del!). Historie VKII i videregåande skole omfattar norsk og verdenshistorie frå ca 1850 til vår tid; klassen har som Lillestrøm vgs’s ASP-klasse gjennomført TST-prosjekt både i VKI og VKII og hadde tverrfagleg verdensarvprosjekt med studietur under tittelen Islands natur-og kulturarv. Dette og at klassen nettopp hadde vore med på ei lokalhistorisk Lillestrømvandring pregar innholdet i ein viss grad. I sum reiser bidraget frå 3AAA fleire spørsmål til vidare, og meir kritisk-analytisk, forskning av "mytene om medaljongen" og det "historiske kjeldematerialet" om menneska som er knytte saman til eit fellesskap om medaljongen. For lærar var dette den artigaste avslutnaden på det faglege samveret med noka historieklasse hittil. Klassen "eksploderte" i vittige og kreative innfall. Og sjølv om dei fleste gruppene leverte "berre tankekart" som produkt, var desse og dei munnlege presentasjonane så detaljerte at dei utan vidare let seg ordne inn i skjemaet: slektssoge, myter om medaljongen og kjeldekritkk.