Sinnes skule


Dette gjorde me:

Tidleg i desember fekk me ein mystisk pakke, og det første me fann var ei spøkjelseshistorie. Då passa det fint å lesa denne i skinnet frå nokre stearinlys, men ungdomsskulegutane syntest ikkje det vart altfor nifst likevel… Så var me med på å finna ei skattekiste (saman med elevar frå Gamlebyen skole) og las om Anne Bonny. Då vart det med ein gong vanskelegare. Mange hadde problem med å halda dei ulike personane frå kvarandre, så i ekte storylinetradisjon teikna me alle personane, laga biografikort og teikna litt av miljøet.

Neste etappe var å skriva vidare på historien, og alle gruppene valde å halda fram der Saltdalen vgs slapp, men det vart svært kreativt, og framgangsmåten måtte endrast. Dermed var det tre ivrige jenter som fortsette skrivinga, etter ideane frå alle gruppene. Undervegs kom det også eit brev frå ei gammal dame som hugsa noko om ein raud og kvit medaljong. Cecilia og familien/ane hennar reiste først mot vest, så til Grønland, Irland og Utstein, før dei sette kursen mot Malta …

Som sagt klarde få å halda tråden, så dette er helst ei tiandeklasse-jente sitt verk. Til gjengjeld skreiv ho så blekket spruta, og fekk med mykje av det ho brenn (interesserer seg) for!



medaljong.gif - 32452 Bytes