"Halldis Moren Vesaas nemner eit par Vesaas-noveller som ho kan identifisere motivet til i noko som verkeleg hadde hendt. "Vesle-Trask" (Vindane, 1952) er ei av dei som på interessant vis illustrerer den kunstnarlege omskapingsprosessen som det "verkelege" motivet går gjennom. Halldis Moren Vesaas fortel at ho som formann, som det da heitte, i Vinje skolestyre, brukte vere med på eksamensdagen på grendeskolen. Det var ein festdag i grenda, men for læraren som gjerne var ung og uprøvd og utan lærarutdanning på slike små stader, kunne dagen vere nervepirrande. Ho hadde fortalt Vesaas ein episode med ei "purtung og nervøs jente" (Båten om dagen, 1976, s. 28) som var kriselærar i grenda, og "dette gav han idéen til ei av dei kostelegste novellene hans" (...) - her har han hatt levande modellar til alle personane: den unge lærarjenta og rundskoltane hennes, og eksamensnemnda - der altså hans eiga kone sat" (ibid.). Eg har korrespondert litt med Halldis Moren Vesaas om forholdet mellom det ho fortalde og Vesaas' tekst, og det har styrkt preget av smeltedigel som eg brukte om skapingsprosessen, denne prosessen som har gjort det 'verkelege' og 'spesielle' om til vesaaske tema, integrert det i ei fiksjonsverd vi kjenner att, ei fiksjonsverd med sine spenningar på mange ulike nivå mellom det innestengde og bundne og det opne og forløyste."

Kilde