"Bendik og Årolilja"

1
Bendik ri åt Sølondo
ville han skòda møy;
han var kje lagje til att'e koma
difor så laut han døy.
-Årolilja, kvi søve du så lengje


2
Bendik ri åt Sølondo,
ville han skòda viv;
han var kje lagje til att'e koma,
difor så let han liv.

3
Han var kje i konungs-garde
meir hell ei liti stund,
han vitja uti møyesalen -
så brå er belelund.

4
Han var kje i konungsgarde
meir hell månar tvo,
han vitja kongjens dotter
med så stor elskog.

5
Kongjen byggjer gullbrautine
både til og frå:
"Den som dei i løyndo trør,
han skò kje livet få!"

6
Kongjen byggjer gullbrautine
både breie og håge
"Den som dei i løyndo trør,
han skò livet låte!"

7
Til svora raustan Bendik,
han var kje guten fælen:
"Eg skò trøa gullbrautine
fyre kongjens augo bæ'e!"


Del II


8
Om dagjen ri Bendik i skogjen ut
og veider den ville hjort,
om notti vitjar han jomfruva
med åst og elskogs-ord.

9
Om dagjen ri Bendik i skogjen ut
og veider den ville rå,
om notti vitjar han jomfruva
det gjell'e hass livet på.

10
"Eg tikje så vent om ditt gule hår
som eple dei dryp på kviste -
sæl er den som deg må få,
gud bære den som skò misse!"

11
"Eg tikje så, når eg sit hos deg
som eg sat uti solskin bjarte;
når eg og du me skyljast åt,
då rivnar bå' hug og hjarta.

12
Eg tikje så, når eg sit hos deg
som eg sat uti solskin bjarte;
når eg og du me finnast att,
då gledast bå' hug og hjarta."


Del III


13
Opp stend kongjen av Sølondo,
kler han seg på så brått:-
"Gud skò fyr mino draumo råde
eg drøymde so vondt i nott.

14
Eg heve drøymt so vondt i nott
Gud fyr mine draumo råde -
om raustan Bendik og Årolilja
eg drøymde vondt om dei båe."

15
Inn kjem kongjens smådreng,
seier han tidend ifrå:
"Bendik trør gullbrautine
foruta kongjens råd."

16
Det var kongjen av Sølondo,
slær sin neve i bord:
"Bendik skò inkje livet njote,
om eg vann all verdsens jord.

17
Olavskyrkja i Trondheim
ho er tekt'e med bly:
Bendik skò inkje livet njote,
om ho var tri gongjir ny!

18
Olavskyrkja i Trondheim
ho glimar av gull:
Bendik skò inkje livet njote,
om ho var tri gongjir full!"


Del IV


19
Ut kjem ho Årolilja,
gjeng'e sin faren imot:
"Kvi er du ute i otta,
fyrr opp ris bjartan sol?"

20
"Di er eg ute i otta:
eg vil min mågjen vitja.
Det tikje meg veslaste vera,
eg må kje bryllapet drikke.

21
Det var ho Årolilja,
falt fyre sin fa'er på kne:
"Høyre du det, min sæle fa'er,
"Bendik så gjeve du me'!"

22
"Gakk bort ifrå meg, Årolilja,
eg vil deg inkje høyre!
Det samer så ille mitt gode sverd
å rjodast i kvende-drøyre."


Del V

23
Dei toke raustan Bendik,
slo han imot golv;
femten var dei bastetaugjir
ikring hass kvite hold.

24
Dei toke raustan Bendik
batt han med taug og reip:
om dei var alli så sterke,
Bendik dei sund'e sleit.

25
Dei toke raustan Bendik
batt han med reip og taug:
om dei var alli så sterke,
Bendik dei sund'e braut.

26
Fram så kjem'e smådrengjen,
alt med si falske råd:
"Dé tek Åroliljas gule hår,
så kan dé fangjen få!

27
Dé tek Åroliljas gule hår
og bind ikring hendan' kvite!
Så stend'e hugjen isama runnen:
han nennest kje håret slite!"

28
Dei tok Åroliljas gule hår
og batt ikring Bendiks hònd:
"Fyrr eg skò dette sund'e slite,
fyrr skò eg døy i bònd!"


Del VI


29
Inn kom Mari dròningji,
ho sto i silkje grøn:
"Eg bed deg, kjære herren min,
at du vil veite meg bøn!

30
Du flutte meg inkje frå skorvir
og inkje frå fjørustein,
du tok meg frå min fa'er garde
og så ven ein festarsvein.

31
Minnest du hot du lova
då du flutte meg frå monno:
du sille inkje nekte meg
den fysste bøn hell onno?

32
Minnest du hot du lova
då du flutte meg av stad:
kvòr den bøn som eg bad deg,
sille alltid vera ja?"

33
"Eg skò inkje nekte deg
den fysste bøn hell den are -
men Bendik skò inkje livet få,
om det galt om kon alle!

34
Kvòr den bøn som du bed meg
skò alltid vera ja -
foruta Bendik sill livet njote:
det gjeng eg alli ifrå!"


Del VII


35
Dei bad fyr raustan Bendik
alt det som beda kunna -
mannen utor manneheimen
og fiskjen på havsens grunnar.

36
Dei bad fyr raustan Bendik
alt det som beda må -
engjelen av himmerikje
og hindi i haga låg.

37
Dei bad fyr raustan Bendik
alt det som ha'e mål -
fuglen på villan kvisten
og bånet i vogga låg.

38
Dei bad fyr raustan Bendik
alt det som ha'e liv -
tre-i utor grøne skogjen
og bloman' i fagerli.

39
Det var kongjen av Sølondo,
slær sin neve i bord:
"Bendik skò inkje livet njote
fyr alle bønir på jord!"


Del VIII


40
Det var raustan Bendik,
han skaut gull av hende:-
"Hogg du, Hauk, mitt hovud av -
du er min nærskylde frende!"

41
Så gret ho Årolilja,
det totte alle under-:
beltet sprang av mjåryggjen,
og sylja den flaug sund'e.

42
Så gret ho Årolilja,
bar ljos på altarbord
beltet sprang av mjåryggjen
og hjarta'e flaut i blod.

43
"Årolilja, Årolilja,
gråt inkje fyr meg leng'!
Eg tikje hjarta'e i meg brenn'e
når eg ser dine tårir renn."

44
Årolilja kjember hass gule hår
og set'e på silkjeluve.
Hauk han hoggje hovudet av,
og drengjen fall på gruve

45
Utfyre kyrkjedynni
der laut han Bendik døy;
i kyrkja fyre altaren,
der sprakk hass vene møy.

46
Utfyre kyrkjedynni
der let han Bendik liv;
i kyrkja fyre altaren,
der sprakk hass vene viv.


Del IX


47
Det var kongjen av Sølondo,
tala til drengjine små:
"De gange i loftet til Årolilja
og sei'a inn fyr meg gå!"

48
Att'e kjeme smådrengjin',
seier dei tidend ifrå:
"Død er unge Årolilja,
ligg unde kvislar blå."

49
Opp reis Mari dròningji,
studde ho seg med bord:
"Du var verd liva eismall'e
utpå ein øydeskog!

50
Høyr du det, du kongjen,
så stolt'e som du står:
inkje hev du dotter,
alli fær du måg!"

51
"Ha' eg visst dette igjår,
at hugjen ha' vori så sterk,
inkje ha' Bendik silt livet låti
fyr alt det i verdi er.

52
"Ha' eg visst dette igjår,
at åstin' ha' vori så heit,
inkje ha' Bendik silt livet låti
fyr alt i verdi eg veit.

53
Olavskyrkja i Trondheimi
ho er tekt'e med bly:i
inkje ha' Bendik silt livet låti,i
om ho var tri gongjir ny!

54
Olavskyrkja i Trondheimi
ho glimar av gull:i
inkje ha' Bendik silt livet låti,i
om ho var tri gongjir full!"

55
Svara Mari dròningji,i
rann tårir på sylvspente sko:i
"Gud forlåte deg, herren min!i
ette-sia er du god!"


Del X


56
Bendik la dei norda kyrkja,
og Årolilja sunna,
det voks opp av deiris greftir
tvo fagre liljerunnar.

57
Det voks opp av deires grefti
tvo fagre liljegreinir;
dei krøktes i hop ivi kyrkjedynni -
der stend dei kongjen åt meine.

58
Det voks opp av deires grefti
dei fagre tvo liljeblomar:
dei krøktes i hop ivi kyrkjesvoli -
der stend dei kongjen til domar.