Liti Kjersti og Elverkongen

Mo'eri tala til dotteri si
-ti, lill-lill, hugjen min-
kvi renne det mjølk ut or brøsto di?
-dei leika så lett gjennom lunden-
Det er ikkje mjølk om det synest så
det er tå den mjøden eg drakk i går

Dei tvo ting er harare ulik
for mjøden er brun og mjølka kvit

Det nyttar kje lenger å dylja fyr deg
elverkongen hev lokka meg

Elverkongen kom seg riande i gård
liti Kjersti ute fyr honom står

Han klappa henne på kvite kinn
kunna du kje dylja fyr mo'eren din?

No sankar du ditt gull i skrin
for no hev eg sala ut gangaren min

Elverkongen ha seg ein gangare spak
han lyfte liti Kjersti oppå hans bak

Så reid dei seg gjennom djupe dal
liti Kjersti ho gret og elverkongen kvad

Kjersti, Kjersti, still din gråt
du sko i mine gullborgjine gå

Som dei kom til berget fram
hennar små bonn imot henne sprang

Elverkongen tala til dotteri si:
du tappe i ei konne med vin

Du tappe i ei konne med vin
tre villarkonn du kaste uti

Den fyste drykk ho konna drakk
då gløymde ho bort kven henne ha skapt

Korhen er du fødd og korhen er du boren
og korhen er dine jomfruklede skoren?

I berget er eg fødd og i berget er eg boren
i berget er mine jomfruklede skoren

I berget er eg fødd, i berget vil eg døy
-ti, lill-lill, hugjen min-
i berget vil eg vera elverkongens møy
-dei leika så lett gjennom lunden-