isMobile() ) { echo " "; } ?>
isMobile() ) {
echo "
Augo du bruke før inn du gjeng, i kot og i kråom, i kot og i krokom. For d'er uvisst å vita kvar uvener sit føre din fot. |
2. Sæl den som gjev! Gjest er inn komen, kvar finn han sess åt seg? Brå vert den som på brandom skal sitja og føre ærend fram. |
3. Eld han tarv som inn er komen og om kne kulsar. Til mat og klede den mann hev trong som hev i fjell fari. |
| ||
4. Vatn og handduk han ventar å få, når til bords han vert beden. Syn godlaget fram, så greileg du kan, med ord og attbeding. |
5. Vit han tarv som vidt skal fara; d'er mangt heime høveleg. Til bisn han vert som veit for lite, når han sit med kloke folk saman. |
6. Av sin eigen klokskap kyte ingen, men ver håvar i hug. Når du gløgg og tagal i gardane sviv, du kjem ikkje brått i beit. |
| ||
7. Grannvar mann, til gjestebod komen, teier med andre talar. Lyder med øyro og med augo skodar, veltenkt og føre var. |
8. Sæl er den som seg mun vinne fagre ord av folk. Endå det er ymist med det du eig i annan manns barm. |
9. Sæl er den som sjølv mun eige livsens hugnad og heider. For ofte hev menn ille råder aust or barmen hjå andre. |
| ||
10. Betre byrdi du ber kje i bakken enn mannevit mykje. D'er betre enn gull i framand gard; vit er vesalmans trøyst. |
11. Betre byrdi du ber kje i bakken enn mannevit mykje. Med låkare niste du legg kje i veg enn ovdrykkje med øl. |
12. Inkje så godt som godt dei seier er øl for manne-ætt. Di meir du drikk, di mindre vit mun du i hausen hava. |
| ||
13. Gløymsle-hegren over gildet sit, han maktstel mange. I fjørene hans eg fjetra vart i garden hjå Gunnlåd. |
14. Øren vart eg og ovdrukken hjå den frode Fjalar. Best er gildet, gjeng du ut att heil i sinn og sans. |
æ
15. Klok og tagal skal kongsson vera, frøkleg gange han fram. Gladvær og fjåg kvar gut skal svive til sin døyande dag. |
| ||
16. Ein stakkar tykkjest han støtt må leva, når han strid mun sky. Men alderdomen gjev ingen mann fred, om spjut honom sparde. |
17. Kopen glanar når til gilde han kjem, fumlar fåmen og mullar. Så snart han ein slurk av skjenken fær, då utan stans han sullar. |
18. Han eine veit, som vide reiser og om mellom folk hev fari, kor vel sin hug han held i taum, kvar som veit kva vit er. |
| ||
19. Spar ikkje mjøden, men med måte du drikk; sei det som tarvst eller tei! Ikkje nokon neise deg kan for du tidleg vil kvile om kveld. |
20. Ov-etar, om han ikkje seg sansar, et seg heilt i hel. Mang ein tull vert for magen sin til lått mellom kloke karar. |
21. Bølingen veit når frå beite han skal koma heim om kveld. Men ovnøyta, ho aldri veit å høve mage-mål. |
| ||
22. Vesal-mannen og meinkroken alltid lastar og ler. Ikkje han veit det han vita turvte: han sjølv hev last og lyte. |
23. Vitlaus mann vaker all natti tenkjer både opp og ut. Han er trøytt og mod når morgonen kjem, og alt er flokut som før. |
24. Vanklok mann trur vel om alle som hugblidt mun helse. Ikkje han ser at dei snaror legg han, når han sit med kloke saman. |
| ||
25. Vanklok mann trur vel om alle som hugblidt mun helse. Det ser han fyrst når til tings han kjem: av frendar eig han få. |
26. Vanklok mann veit alt, han trur, der mellom bergi han bur. Men når framandfolk honom finn, rådlaus røynest han då. |
27. Vanklok mann som vankar ute, det er tryggast han teier. At lite han veit, det varest ingen, utan for mykje han mæler. |
| ||
28. Frod den tykkjest som frega kan og sjølv etkvart seia. Ikkje nokon av løyner det som ut er ført mellom folk. |
29. Ovnøgdi mæler den som aldri teier, bort i hyr og heim. Ei radmælt tunge som låkt er tøymd ofte seg ugodt gjel. |
30. Til narr skal ingen ein annan hava, om på gjesting han gjeng. Ofte trur seg klok den inkje vert spurd, når trygt i ro han ruggar. |
| ||
31. Tykkjest gjest klok som tek til sprangs, når i gilde han gjest hev hædt. Han veit ikkje fullvel, den som flirer i laget, om han ikkje range folk råkar. |
32. Mange gode grannar du finn som alltid må antrast i gilde. Opphav gjerest til ævleg strid, når gjest er rang imot gjest. |
33. Ein dugleg åbit skal du eta jamleg, når du på gjesting vil gange. Då slepp du sitja svolten og kei, så du maktar lite å mæle. |
| ||
34. Omveg er jamt til utrygg ven, om midt i bygdi han bur. Men beinvegar gjeng til den gode venen, om han er langt av lei. |
35. Gange skal du, gjest ei vere alltid på einom stad. Ljuv vert lei som lenge sit kyrr på annans krakk. |
36. Eit lite bu er betre enn inkje, heime er kvar mann herre. Hev du geiter to og ein tausperra sal, då tarv du ikkje tigge. |
| ||
37.
Eit lite bu er betre enn inkje, heime er kvar mann herre. Hjarta bløder når beda du skal om mat til kvart eit mål. |
38.
Våpni sine skal mann på vollen ikkje gange eit fet ifrå. Uvisst er å vita når pùå vegom ute det spørjast kan etter spjut. |
39.
Ingen så gjevmild og gjestmild eg fann, han tok ikkje gåvor og takka. Eller så gjev-sæl med godset sitt, han ei lika med løn du takka. |
| ||
40.
Eigni di, som du avla deg hev, treng du kje spara for deg sjølv. Tidt til leie folk gjeng det til ljuve var tenkt, mångt verre gjeng enn ein vonar. |
41.
Med våpen og klede skal vener gåvast, det vert på dei sjølve synt. Likt gjevande lengst er vener, om elles alt seg lagar. |
42.
Venen sin skal ein vera ven og løne gåve med gåve. Til lått skal mann med lått svara og møte ljuging med lygn. |
| ||
43.
Venen sin skal ein vera ven, honom og hans ven. Men med uvens ven venskap halde høver kje fagna folk. |
44.
Veit du ein ven som vel du trur, og du hjå han fagnad vil få: gjev han heile din hug og gåva ei spar, far og finn han ofte. |
45.
Veit du ein annan som ille du trur, og du fagnad vil likevel få: du fagert mæle, men falskt tenkje, og ljuging møte med lygn. |
| ||
46.
>Eit ord til om den som ille du trur og ikkje kan lit til leggje: le skal du med han og låst vera ven; lik vere gåve og løn. |
47.
Ung var eg fordom, eg einsaman f¢r, vegvill då eg vart. Rik eg tottest når eg råka einkvar; mann er manns gaman. |
48.
Milde, modige menn lever best, dei el seg sjeldan sut. For alt ottast udjerv dreng, gjerug gryler når han fær. |
| ||
49.
Kledi mine kasta eg til tremenn to på voll. Kaute karar med kledi dei vart, neist vert naken mann. |
50.
Turkar toll som i tunet stend, det hjelp' korkje bork eller bar. Så er kvar mann som kjærleik vantar, kvi skal han lenge leva! |
51.
Heitar' enn eld brenn hjå ille vener fagnad i fem dagar. Men det sloknar når den sjette kjem, då all venskap versnar. |
| ||
52.
Ikkje tarv gåvor så gilde vera, ein ofte fangar lov for lite. med ein liten braudleiv og læta i staupet eg fekk meg ein felage. |
53.
Brand brenn av brand til brunnen han er, loge kveikjest av loge. Ved rødor ein mann med menn vert kjend, hen vert dott ved å dølja seg byrg. |
54.
Grunne sjøar og grunne sandar, og d'er grunt i hugen hjå mange. Du ingen stad alle jamkloke finn; all stad er det båe slagi. |
| ||
55.
Måteleg klok kvar mann vere; ovklok vere han ikkje. For sjeldan er hugnad i hjarta å finne hjå honom som ovklok er. |
56.
Måteleg klok kvar mann vere; ovklok vere han ikkje. Lettast er livet å leva for den som vel noko veit. |
57.
Måteleg klok kvar mann vere; ovklok vere han ikkje. Sin lagnad ingen øygne føreåt, då er han sælast i sinn. |
| ||
58.
I otta du rise vil du rikdom taka, og vil du folk felle. Sjeldan liggjande ulv lammekjøt fær, eller sovande mann siger. |
59.
I otta du rise hev du onnfolk få, og gange og garden din vitje. Mangt øyder mann som om morgonen søv; rask er halvveges rik. |
60.
Mål på turrved og tekkjenever lyt mang-mannen vita; kor stor ein ved-kost som vara kan heile halve året. |
| ||
61.
Tvegen og mett ride mannen til tings, om han og klent er kledd. Korkje brok eller skor skjemmer nokon, og heller ikkje hesten, om han er låk. |
62.
Kurer og sturer, til sjøen komen, ørn ved utgamle hav. Slik er den mann mellom mange folk som eig frendar fåe. |
63.
Frega og tala den frode skal, om vis han heite vil. Det ein veit, er utrygt hjå to; det tri veit om, det veit alle. |
| ||
64.
Makti si må ein mann med vit hovsamt og høveleg bruke. Jamt han det finn når hjå frøkne han kjem, at ingen er aller best. |
65.
Aktsam og gløgg ein alltid skal vera og varsam i venelag. Dei ordi som du til andre seier, fær tidt du trega sårt. |
66.
Mykje for snart mangstad kom eg, sumstad kom eg for seint. Ål var drukki, ubrygt sumstad, sjeldan kjem lei til lags. |
| ||
67.
Stundom til bords dei bedi meg hadde, om eg ikkje trong mat til måls; eller to kjøtlår hekk hjå den trugne venen, der eg eitt hadde eti. |
68.
Eld på åren og sol på eng er best for mannsens born, helsa si å hava heil og lytelaust å leva. |
69.
Endå ver kje vonlaus om hu veiknar, helsa; sume av søner fær sæle, sume av frendar, sume av fe-eign, sume av velgjort verk. |
| ||
70.
Betre å leva enn livlaus vera, kvik fær alltid ku. Bål for rikmannen brenne eg såg, lik føre døri låg. |
71.
Er du halt, kan du ride, handlaus gjæte, er du dauv, kan du duga i strid. Blind er betre enn brend å vera; daud mun ein lite duga. |
72.
Son er kjærfengd, om seint komen, etter faren f¢r. Sjeldan bautasteinar nær brauti stend, utan frendar fekk dei reist. |
| ||
73.
Av to i ein her er tunga hovuds bane. Fram or kvar ei kufte kan det krjupe ei hand. |
74.
Den prisar natti som nista si trur, stutte er skips rær; hastig er haustnatti; på fem dagar er det så ymist med været, og endå meir på ein månad. |
75.
Aldri han trur det, som ikkje det veit, kor folk vert galne for gull. Ein er rik og ein annan fattig, legg det kje honom til last. |
| ||
76.
Døyr fe; døyr frendar; døyr sjølv det same. Men ordet om deg aldri døyr vinn du eit gjetord gjævt. |
77.
Døyr fe; døyr frendar; døyr sjølv det same. Eg veit eitt som aldri døyr, dom om daudan kvar. |
78.
Eg såg fulle grindar hjå Fitjung-sønom, no ber dei sekk og stav. Rikdomen er som ein augneblink, du fær kje meir vinglut ven. |
| ||
79.
Hjå fåvis mann, om han fe seg vinn og ynde og elsk hjå kvende, byrgskapen veks, men vitet hans ikkje, og ovmodet aukar drjugt. |
80.
Sant det røynest som i runer er sagt, dei frå høgdi runne, som gudemakter gav og som stor-tul skar, trygt hev det han som kan teia. |
81.
Om kveld skal du dagen rose, kona når ho brend er, gjenta når ho gift er, geiren når han røynd er, is når du over kjem, øl når det drukki er. |
| ||
82.
I stilla skal du sjøen ro, skog i vind felle, med møy i mørker svalle; mange er dagsens augo. Skip skal fram skride, skjold skal live, sverd gjev kvasse hogg, kyssar gjev møyi. |
83.
Ved elden øl du drikke, og på is du skride, merri mager kjøpe og mørke sverd, hest du heime feite, og hund på garden. |
84.
På møyar-ord er uvisst å lite og på det som kvendi kved. For på kvervande hjul deira hjarto var skjapte, brigd i brjost var lagd. |
| ||
85.
[Aldri ein tru:] Brestande boge, brennande loge, gapande ulv, galande kråke, rjotande svin, rotlaust tre, svellande våg, sjodande kjel, |
86.
Fljugande flein, fallande båre, ein-natt is, orm ringlagd, brur-ord under breidsla, brote sverd, leikande bjørn eller barnet til ein konge, |
87.
Sjukan kalv, sjølvråden træl, volve som hugstel, val nyleg felt. |
| ||
88.
Tru ikkje åker, som tidleg er sådd, og ikkje som for snart. For åkren råder vêr, og for sonen vit; det uvist med båe er. |
89.
Broder-bane, bortpå brauti møtt, halvbrunni hus, hesten spreke - fåfengd er fole, om fot brotnar -, så trygg vere ingen at han trur på dette. |
90.
Så er dros i hugen, ho som dulram leikar, som ut skal øyk køyre på isen håle - tidig tvivetring, tamd med måte - eller i stormen stride styrelaust beite, eller som om halten på høgfjell skulle hente reinen. |
| ||
91.
No berrleg eg mæler, for båe eg kjenner, bragd hjå gutom òg bur. Fagraste talen hev falskaste meining, og klokaste drosi vert dåra. |
92.
Fint du tale og fager gjeve, vil gjerne ei gjente du vinne, og venleik lova hjå ljose møy; han fær som kan fri. |
93.
For elskhugen din ingen mann skal gjeva deg last og lyte. Ofte klok mann fell, der fåmingen stend, for eit ovfagert andlet. |
| ||
94.
Aldri du leggje andre til last det som mang ein mann hender. Kor klok ein er, han kan verte dåra når kjærleik kjem og maktstel. |
95.
Hugen veit berre kva som bur hjarta nær, sjølv fær ein kjenne det svid. D'er hugsotti verste for ein vitug mann, når ikkje med noko han uner. |
96.
Mang ei god møy, det merke du kan, sviksam er imot sveinar. Eg røyne det fekk, då den rådkloke drosi eg freista løynsk å lokke. Hardt meg hædde den hugstore møyi, og ikkje det vivet eg vann. |
| ||
97.
Det eg røynde, då i røyri eg sat og drosi hugen drog. Liv og lyst var den ljuve møy meg, endå eg aldri ho fekk. |
98.
På bolsterkvile Billings møy eg solbjart fann i svevn. Jarls vyrdnad lite verd meg tottest, skulle eg møyi misse. |
99.
\"Heller mot kveld du kome, Odin, om du vil med møyi mæle. Ille det vart om andre munde slik skam få sjå.\" |
| ||
100.
Attende eg gjekk med elskhugs voner, var reint frå samling og sans. Trudde eg då så tryggleg eige heile hugen til møyi. |
101.
Andre gongen gjekk eg til ho, då var vaktfolki vakne. Me brennande ljos og borne kyndlar dei vettervegen meg viste. |
102.
Ut mot morgon att eg kom, då var salsvakti sovna. På lega, der før den fagre sov, låg no ei bikkje i band. |
| ||
103.
Vær gjæv imot gjest og glad ver heime, alltid vis og varsam; minnug og målvis, vil du mangklok heite; ber gode gjetord fram. Ein fåming me kallar den som fått kan tala, slikt er vesalmanns vit. |
104.
Jotungubben eg fann, er no attende komen, der få ting eg teiande fekk. Med mange ord eg mykje til gagn vann meg i Suttungs salar. |
105.
Gunnlòd meg gav på gullstolen drykk av den mæte mjød. Vesal løn let eg ho få. Jo gav meg trygt si tru, ho gav meg heile sin hug. |
| ||
106.
Rata-tonni rudde meg eg, hardt grjot ho gnog. Over og under var jotunvegar, då gjekk det på livet laust. |
107.
Det vene eg vann eg vel hev nøti, lite den vise vantar, di at no Odrere opp er komen midt i Midgards heim. |
108.
Uvisst å vita om eg endå var komen or jotungarden ut, om ikkje Gunnlåd, det gode kvendet, hadde vorti min sæle ven. |
| ||
109.
Andre dagen av gjekk rimtussar til å spørja råd av Hår i Halli til Hår; etter Bolverk dei spurde, om han var berga hjå gudom, eller Suttung hadde slegi han ned. |
110.
Ein eid då svor Odin på ringen, kven kan hans trygdemål tru? Suttung han sveik for skaldedrykken, og Gunnlåd sårt han grøtte. |
111.
Tid er å tala frå tule-stolen attmed Urdarbrunnen. Såg eg og tagde, såg eg og tenkte, lydde på manna mål. Om runer dei tala og om tyding dømde attmed Håvahalli, i Håvahalli eg høyrde seia så: |
| ||
112.
Eg råd gjev deg, Loddfåvne, råd du take, nyttig om du nem, god om du gaumar: ris ikkje om natt, utan på njosn du er, eller ut for deg sjølv du skal. |
113.
Eg råd gjev deg, Loddfåvne, råd du take, nyttig om du nem, god om du gaumar: hjå trollkunnig kvende kvile du aldri, så ho i famn deg fær. |
114.
Ho det evlar at du ikkje håttar tings eller konungs krav. Mat gjev deg mothug og menns gaman, du legg deg sorgfull te sova. |
| ||
115.
Eg råd gjev deg, Loddfåvne, råd du take, nyttig om du nem, god om du gaumar: annan manns kone aldri du skal deg føre til frilleviv. |
116.
Eg råd gjev deg, Loddfåvne, råd du take, nyttig om du nem, god om du gaumar: om på fjell eller fjord å fara deg lyster, hav niste med deg til nøyes. |
117.
Eg råd gjev deg, Loddfåvne, råd du take, nyttig om du nem, god om du gaumar: eit illmenne du aldri late di vanheppe vita. Av ille menn aldri like du vinn for godhug du viste. |
| ||
118.
Hovudet misse ein mann eg såg ved ord av ilt kvende. Svikfull tunge tok honom livet, og ikkje for sann sak. |
119.
Eg råd gjev deg, Loddfåvne, råd du take, nyttig om du nem, god om du gaumar: hev du ein ven som vel du trur, far då og finn han tidt; for med ris gror til og med høgt gras ein veg der ingen vankar. |
120.
Eg råd gjev deg, Loddfåvne, råd du take, nyttig om du nem, god om du gaumar: god mann finn deg til gamans tale, og mildskap deg lær med du lever. |
| ||
121.
Eg råd gjev deg, Loddfåvne, råd du take, nyttig om du nem, god om du gaumar: med venen din ver du aldri den fyrste til lag å løyse. Sorg et hjarta, om ingen du hev som du seia kan heile din hug. |
122.
Eg råd gjev deg, Loddfåvne, råd du take, nyttig om du nem, god om du gaumar: ord skifte aldri du skal med ein uvitug ape. |
123.
Av ille menn aldri du fær løn for godt du dei gjer. Men god mann mellom grannar gjer deg vyrd med venskaps ord. |
| ||
124.
Samd er veskap når seia ein kna den andre all sin hug. Vinglut vera er verst av alt, all-rosar er ikkje ven. |
125.
Eg råd gjev deg, Loddfåvne, råd du take, nyttig om du nem, god om du gaumar: aldri tri stridsord du skifte med illmenne; gjæving tidt gjev seg der låking tek liv. |
126.
Eg råd gjev deg, Loddfåvne, råd du take, nyttig om du nem, god om du gaumar: gjer ikkje sko eller skaft åt andre; ver glad du greier deg sjølv. Om skoen vart stygg eller skaftet vart rangt, då er ulukka ute. |
| ||
127.
Eg råd gjev deg, Loddfåvne, råd du take, nyttig om du nem, god om du gaumar: merkar du vondt, vondt du det kalle, gjev ikkje din fiende fred. |
128.
Eg råd gjev deg, Loddfåvne, råd du take, nyttig om du nem, god om du gaumar: over det som er ilt aldri deg gled, men lat vondt til godt vendast. |
129.
Eg råd gjev deg, Loddfåvne, råd du take, nyttig om du nem, god om du gaumar: stend du i strid, sjå då kje opp - som galtar kvekk karar då tidt - for at fjetring ikkje deg fange. |
| ||
130.
Eg råd gjev deg, Loddfåvne, råd du take, nyttig om du nem, god om du gaumar: vil du gjævt kvende få i gamans tale, og fagnad av ho få, fagert du love, og fast det stande; velfengd er god gåve. |
131.
Eg råd gjev deg, Loddfåvne, råd du take, nyttig om du nem, god om du gaumar: var du vere men var med måte, v rast ver med øl. |
132.
Eg råd gjev deg, Loddfåvne, råd du take, nyttig om du nem, god om du gaumar: til håd og lått hav du aldri gjest eller gangande mann. |
| ||
133.
Ofte veit dei som inne sit lite kva folk som kan fara. D'er ingen så god at gall han vantar, eller så arm at til inkje han duger. |
134.
Eg råd gjev deg, Loddfåvne, råd du take, nyttig om du nem, god om du gaumar: med gråhærd tul gantast du aldri; d'er ofte godt som dei gamle talar. Tidt or skrukkut skinn kjem skillege ord, om kledi dei heng, og hudskorne sleng, og han studrar som ein stakkar. |
135.
Eg råd gjev deg, Loddfåvne, råd du take, nyttig om du nem, god om du gaumar: gøy ikkje mot gjest som hund ved grind, tak imot trengande mann. |
| ||
136.
Det lyt sterke tappar som skal svine døri til opplating for alle; men gjev din skilling, at ikkje skade vert ynskt deg på liv og lem. |
137.
Eg råd gjev deg, Loddfåvne, råd du take, nyttig om du nem, god om du gaumar: der øl du drikk, søk avl av jordi, for jord stend mot øl; eld stend mot sotter, eik mot hardt liv, men aks øyder trollskap, samliv i hall mot husstrid, mot hat hjelper månen, beite mot bitsott, fast jord mot flaum. |
138.
Eg veit at eg hekk på vindalt tre netter heile nie, med geir-odd såra og gjeven Odin, gjeven sjølv til meg sjølv oppå det treet som ingen veit kvar det av rotom renn. |
| ||
139.
Ikkje braud dei bar meg, og brygg ikkje; ned eg nidstirde, to opp runer, ropande tok dei, ned att der frå eg fall. |
140.
Nie tryllesongar fekk eg av den fræge son til Boltorn, far til Bestla; og drikke eg fekk av den dyre mjøden, aust opp av Odrere. |
141.
Då f¢r eg te fremjast og frod verte og vekse og finne meg vel. Ord meg av ord ord avla, verk meg av verk verk avla. |
| ||
142.
Du runer finn teikna og tydde stavar, mykje store stavar, mykje sterke stavar, som fimbul-tul farga og høge makter maksla og Ragna-Ropt skar. |
143.
For æser Odin, for alvar Dåin, Dvalin for dvergar. Allsvinn dei for jotnar skar, eg riste sjølv sume. |
144.
Veit du å riste dei? veit du å råde dei? veit du å farge dei? veit du å freiste dei? veit du til bøn dei? veit du til bl¢t dei? veit du å sende dei? veit du å stogge dei? |
| ||
145.
Betre enn ovbl¢t ubedi er, gåve krev gjeving att; betre usendt enn avstogga. Så Tund det sette, før tidi rann, då opp han reis, då att han kom. |
146.
Mine kvede ei kan kongen si frue, korkje mann eller møy. Hjelp heiter eii, og det hjelpe deg vil mot saker og sorger og suter alle. |
147.
Det andre eg kan, ovgjævt for dei som vil læking lære. |
| ||
148.
Det tridje kan eg, om turvast skal mot fiendar rame råder: eggjar eg døyver for uvener mine, så det bit korkje våpen eller velor. |
149.
Det fjorde kan eg, om folk meg vil leggje band om lemer: så eg galdrar at gange eg kan, fjetrone spring meg av fot og av hendre hapt. |
150.
Det femte eg kan, ser eg fiends pil skoti fram gjennom her haste: eg stoggar ho nok, kor sterkt ho enn flyg, så sant eg med syni når ho. |
| ||
151.
Det sjette eg kan, skader meg einkvar med runer på frisk rot skorne, den som opp til argskap eggje meg vil, mein fær han meir enn eg. |
152.
Det sjuande kan eg, om salen eg ser loga om sovande sellar: kor breitt det så brenn, eg bergar halli, den galder kan eg gala. |
153.
Det åttande kan eg, som for alle mun vera nytteleg å nemne: om hat veks opp mellom hovdingsøner, det kan eg bøte brått. |
| ||
154.
Det niande kan eg, når naud stend på, å berge båten på hav. Vinden eg då på vågen stiller og svæver sjøen all. |
155.
Det tiande kan eg, om tuntroll eg ser i lufti leike fram: eg så det vender at ville dei fer heim utan hamar, heim utan hugar. |
156.
Det ellevte kan eg, når ut i strid eg lang-vener skal leie: under skjoldrand gjel eg, då gjeng dei veldig striden heile til, striden heile frå, heile dei heim att kjem. |
| ||
157.
Det tovte kan eg, om i treet oppe eg ser ein daud mann dingle: så eg runer rister og målar, at han som der hekk gjeng og med meg mæler. |
158.
Det trettande kan eg, når tegnen unge eg auser med vatn og vigjer: ikkje han fell, om i ufred han kjem, den hausen ryk ikkje for hogg. |
159.
Det fjortande kan eg, om for folk eg skal gudane nemne ved namn: alle æser og alvar veit eg: der stend meg ingen styving. |
| ||
160.
Det femtande kan eg, som han kvad Tjodrøyre, dvergen føre Dellings dør. Han åsom gol avle, alvom dugleik, Rota-ty hugs i haus. |
161.
Det sekstande kan eg, om hjå kloke møy eg hugnad vil hava og gaman: hugen eg kverver på kvitarma viv og snur hennar heile sinn. |
162.
Det syttande kan eg, at seint frå meg gjeng ei ung dåm-ven dros. Lenge du skal, Loddfåvne, visst songane desse sakne. Godt, om du gaumar, nyttig, om du nem, turvande, om du tek dei. |
| ||
163.
Det attande kan eg, som ikkje eg seier til møy eller manns kone, - alt er best som ein berre kan; det er slutten på songen -, utan einast til den som i arm meg gøymer, - eller om det mi syster er. |
164.
No er Håvamål kvedi i Håvahalli til magn for mannesøner, til ugagn for jotunsøner; heil den som kvad! heil den som kan! njote den som nam! heile dei som høyrde. |