The UNESCO Transatlantic Slave Trade project Please visit our sponsors.
Click Here to Visit our Sponsor
The UNESCO Transatlantic Slave Trade project

Trymskvida

1 Vreid var Vingtor
då han vakna
og hamaren sin
han munde sakne.
Skjegg han riste,
hedna han skok;
tok son åt Jord
om seg å trivle.
2 Og han dei ordi
aller fyrst kvad:
"Høyr du Loke
her kva eg seier,
som ingen på jord
hell i oppheimen veit:
frå åsgud hev dei
hamaren stoli."
3 Gjekk dei til Frøya
i fagre tun,
og han dei ordi
aller fyrst kvad:
"Vil du meg, Frøya,
din fjørham låne,
at eg min hamar
hitta måtte?"

4 FRØYA kvad:
"Eg gav deg han gjerne
om av gull han vøre;
og lét deg han få,
var han laga av sylv."
5 Flaug då Loke,
fjørhamen dunde,
til ut han kom
av Åsa-garden,
og inn han kom
i Jotunheimen.
6 Trym sat på haugen,
tussedrotten,
band han batt
åt bikkjom av gull,
og måni meitte
på marom sine.

7 TRYM kvad:
"Koss gjeng det åsom?
Koss gjeng det alvom?
Kvi kjem du einsleg
til Jotunheimen?"
LOKE kvad:
"Ilt er med åsom,
ilt er med alvom.
Hev du Lorrides
hamar løynt?"
8 TRYM kvad:
"Eg hev Lorrides
hamar løynt
åtte raster
under jordi.
Ingen honom
att fær heimta
utan han fører meg
Frøya til viv.
9 Flaug då Loke,
fjørhamen dunde,
til ut han kom
av Jotunheimen,
og inn han kom
i Åsa-garden.
Tor honom møtte
midt i tunet,
og han dei ordi
aller fyrst kvad:

10 "Hev du heppe
havt med ærend?
Sei der i lufti
den lange tidend;
sitjande selle
soga si gløymer,
og liggjande mann
lygnord smider."
11 LOKE kvad:
"Heppe eg hev
havt med ærend,
Trym hev din hamar,
tussedrotten;
ingen honom
att fær heimta
utan han fær honom
Frøya til viv."
12 Gjeng dei fagre
Frøya å finne,
og han dei ordi
aller fyrst kvad:
"Bitt om deg, Frøya,
brurelinet,
me to skal aka
til Jotunheimen."

13 Vreid vart då Frøya
så ho frøste,
og åsa-salen
all han bivra.
Ned spratt bjarte
brisinga-menet.
"Manngal dei meg
meiner vera,
om eg èk med deg
til Jotunheimen."
14 Alle i senn
var æser på tinget
og åsynjor
alle til stades.
Rådlag heldo
rauste gudar,
koss Lorrides hamar
dei hitte skulle.
15 Kvad det Heimdall,
kvitaste åsen,
- vidt såg han fram
som vanene elles -:
"Binde me om Tor
brurelinet,
bere han bjarte
brisinga-men.

16 Late om homom
lyklar ringle
og kvendeklede
om kne falle;
på brjostet sette me
breie steinar,
og hagleg binde me
hovudtoppen."
17 Kvad det Tor,
den trauste ås:
"Kjerring vil då
kalle meg æser,
lèt eg meg binde
med brurelin."
18 Kvad då Loke,
Lauvøy-sonen:
"Tei deg, Tor,
tala kje dette;
snart kjem jotnar
til Åsgard byggje,
om inkje din hamar
du heimtar att."

19 Batt dei om Tor då
brurelinet
og det bjarte
brisinga-menet,
lét dei om honom
lyklar ringle
og kvendeklede
om kne falle,
sette på brjostet
breie steinar,
og hagleg batt dei
hovudtoppen.
20 Då kvad Loke,
Lauvøy-sonen:
"Meg til terne
du take med deg,
så èk me to kvende
til Jotunheimen."
21 Snøgt vart båe
bukkane henta,
sprette i skoklar,
skulle vel renne.
I berg det brotna,
brann i jord loge,
ók Odins son
til Jotunheimen.

22 Då kvad det Trym,
tussedrotten:
"Opp og bere
på benkjer halm,
no fører dei meg
Frøya til viv,
dotter åt Njord
i Noatun.
23 Her gjeng innmed garden
gullhyrnde kyr,
ålsvarte uksar,
jotnen til gaman.
Eg hev nøgdi av gods,
hev nøgdi av gull,
einast Frøya
eg no vantar."
24 Tidleg om kvelden
kom det til dess
at fram for jotnar
øl vart bori.
Sjølv åt han ein ukse,
åtte laksar,
alle dei kråser
til kvendi var laga,
tri kaggar mjød
drakk mann hennar Siv.

25 Då kvad det Trym,
tussedrotten:
"Kvar såg du brur
bite kvassare?
Aldri såg eg brur
bite breiare
eller meir mjød
nokor møy drikke."
26 Sat ho attmed
den innfule terna,
som ord fann til svars
på jotuns tale:
"Frøya åt inkje
åtte netter,
så ovhuga var ho
til Jotunheimen."
27 Han letta på linet,
var lysta te kysse,
men unna han stokk
endelangt i salen.
"Kvi er så illkvasse
augo på Frøya?
Eld meg tykkjest
or augo loga!"

28 Sat ho attmed
den innfule terna,
som ord fann til svars
på jotuns tale:
"Inkje sov Frøya
åtte netter
så ovhuga var ho
til Jotunheimen."
29 Inn kom arme
jotunsystri,
som beda torde
om brureskatten:
"Rett meg ringar
raude av handom,
om du vil hava
hugnad hjå meg
og all mi hyllest."
30 Då kvad det Trym,
tussedrotten:
"Bere inn hamar'n
bruri å vigje,
leggje Mjollne
på møyar kne,
vigje oss saman
med Vår si hand."

31 Lo i hugen
Lorride godt
då hardhausen
sin hamar kjende.
Trym drap han fyrst,
tussedrotten,
og jotunætti
all han tynte.
32 Drap den aldruge
jotunsystri,
ho som bad han
om brureskatten.
Skjell ho fekk
for skillingar
og hogg av hamar
for haug av ringar.
Så kom Odins son
att til sin hamar.

Home (frames) | Start | Index | Slave Route (frames) | Search | E-Mail | ICQ |