R-94 : Læreplan i norsk


Et nostalgisk innslag :)


          


Mål 1.1 Munnleg bruk av språket

Elevane skal kunne bruke talespråket i ulike situasjonar og kunne avpasse innhald og språkbruk etter situasjonen

Hovudmoment
Elevane skal kunne nytte vanlege munnlege framstillingsformer, til dømes
  • 1.1.1 forteljing (t.d. om ei oppleving eller eit saksforhold)
  • 1.1.2 dramatisering/rollespel
  • 1.1.3 diskusjon i klassen og i mindre grupper
  • 1.1.4 innleiing til diskusjon
  • 1.1.5 møteleiing
  • 1.1.6 referat/resymé
  • 1.1.8 presentasjon
  • 1.1.9 enkle foredrag
  • 1.1.10 intervju
  • 1.1.11 andre yrkesretta aktivitetar etter behov

Mål 1.2 Skriftleg bruk av språket

Elevane skal kunne bruke skriftspråket, både hovudmålet og sidemålet, i ulike samanhengar og kunne avpasse innhald og språkbruk etter situasjonen

Hovudmoment
Elevane skal få øving i å skrive i ulike sjangrar, både sakprosa og skjønnlitteratur, til dømes

  • 1.2.1 enkle resonnerande framstillingar
  • 1.2.2 enkel analyse og tolking av tekstar
  • 1.2.3 bokmelding (og ev. filmmelding)
  • 1.2.4 novelle/forteljing
  • 1.2.5 kåseri
  • 1.2.6 rapport
  • 1.2.7 referat (inkludert møtereferat)
  • 1.2.8 møteinnkalling
  • 1.2.9 utgreiing
  • 1.2.10 brev (ulike typar som søknad og lesarbrev)
  • 1.2.11 andre yrkesretta oppgåver etter behov


Mål 1.3 Språk- og kommunikasjonslære

Elevane skal ha kunnskap om språk- og kommunikasjonslære og kunne nytte denne
kunnskapen i arbeidet med språk og tekst

Hovudmoment
Elevane skal

  • 1.3.1 ha grunnleggjande kunnskap om rettskriving, formverk og språkføring i hovudmål og sidemål
  • 1.3.2 ha grunnleggjande kunnskap om ordlære og setningslære, og kunne nytte denne kunnskapen i arbeidet med språk og tekst
  • 1.3.3 kjenne stilistiske omgrep som er nødvendige i tekstanalyse
  • 1.3.4 kjenne dei viktigaste elementa i språkleg kommunikasjon og kunne bruke denne kunnskapen i praktisk arbeid med språket
  • 1.3.5 ha kunnskap om skriftspråksituasjonen i Noreg, som tilhøvet mellom nynorsk og bokmål, offentleg målbruk, påverknad frå andre språk og nydanningar i språket vårt
  • 1.3.6 kjenne ulike variantar av talemålet med utgangspunkt i eige miljø (dialektar, sosiolektar, fagspråk, gruppespråk og slang)


Mål 1.4 Litteratur

Elevane skal ha kunnskap om norsk litteratur i ulike sjangrar med hovudvekt på litteratur frå tida etter 1940. I nokon grad kan ein også trekkje inn tekstar frå andre nordiske land og frå verdslitteraturen. Det er eit mål at arbeidet med litteraturen skal skape interesse for og glede over å lese litteratur

Hovudmoment

Elevane skal

- 1.4.1 ha lese og kunne gjere greie for eit utval av nyare norsk skjønnlitteratur og sakprosa i begge målformer. Omsett samisk litteratur skal vere med i utvalet. I utvalet av tekstar skal både kvinnelege og mannlege forfattarar vere representerte.

Desse sjangrane skal vere med i utvalet:

  • 1.4.1.1 Ein roman
  • 1.4.1.2 Ein dramatisk tekst (lese el. sjå)
  • 1.4.1.3 Eit representativt utval av noveller
  • 1.4.1.4 Eit representativt utval av dikt
  • 1.4.1.5 Eit variert utval av sakprosatekstar
  • 1.4.2 ha kunnskap om grunnelement i tekstanalyse og kunne påvise og vurdere bruken av enklare stilistiske verkemiddel
  • 1.4.3 ha noko kunnskap om sentrale forfattarar i samband med dei litterære tekstane og ha oversyn over perioden etter 1940


Mål 1.5 Massemedium

Elevane skal ha kjennskap til massemedium både som informasjonskjelde og kulturformidlar

Hovudmoment
Elevane skal

  • - 1.5.1 kjenne til viktige massemedium (t.d. bøker, aviser, tidsskrift, vekeblad, radio, fjernsyn og film) og korleis dei påverkar oss
  • - 1.5.2 ha noko kunnskap om korleis ulike medium formidlar språk og tekst
  • - 1.5.3 ha kunnskap om viktige trekk ved reklame og vanlege verkemiddel i reklametekstar


Mål 1.6 Studieteknikk

Elevane skal utvikle gode arbeidsmåtar i faget og kunne overføre denne kunnskapen til arbeidet med andre fag

Hovudmoment
Elevane skal

  • 1.6.1 ha kunnskap om og kunne nytte elementær studieteknikk
  • 1.6.2 kjenne til og kunne bruke ordlister, ordbøker og andre typar oppslagsverk som hjelpemiddel
  • 1.6.3 kunne nytte biblioteket for å finne fram til stoff dei treng
  • 1.6.4 kunne nytte ulike arbeidsformer i faget, til dømes prosjektarbeid og gruppearbeid
  • 1.6.5 kjenne til korleis ein utviklar, byggjer opp, endrar og skriv ferdig ein tekst og kunne nytte denne kunnskapen i arbeidet med eiga skriving, gjerne med bruk av tekstbehandling der det praktisk ligg til rette for det


Mål 3.7 Munnleg bruk av språket

Elevane skal utvikle og vidareføre arbeidet med munnleg bruk av språket frå grunnkurset

Hovudmoment
Elevane skal kunne nytte vanlege munnlege framstillingsformer med større krav til innhald og språkbruk, til dømes

  • 3.7.1 innleiing til diskusjon
  • 3.7.2 oppsummering av diskusjon
  • 3.7.3 presentasjon av eit emne i faget
  • 3.7.4 dramatisering og framføring av litteratur


Mål 3.8 Skriftleg bruk av språket

Elevane skal utvikle vidare den skriftspråklege kompetansen frå grunnkurset.

Hovudmoment
Elevane skal

  • 3.8.1 ha god kunnskap om og vere sikre i hovudmål og sidemål
  • 3.8.2 kunne skrive lengre, samanhengande tekstar på hovudmål og sidemål i ulike sjangrar med større krav til innhald, oppbygging og språkføring
  • 3.8.3 kunne skrive ein analyse av ein skjønnlitterær tekst
  • 3.8.4 kunne skrive ein analyse av ein sakprosatekst
  • 3.8.5 kunne resonnere, argumentere og drøfte i skriftleg framstilling


Mål 3.9 Språk- og kommunikasjonslære

Elevane skal utvikle vidare kunnskapen om språk og kommunikasjon frå grunnkurset. I tillegg skal dei kjenne hovudlinjene i norsk språkhistorie og viktige drag ved norrønt mål

Hovudmoment
Elevane skal

  • 3.9.1 ha utvikla vidare kunnskap og dugleik som er nemnde under same mål i tidlegare kurs
  • 3.9.2 ha kunnskap om viktige delar av norsk språkhistorie med særleg vekt på tida etter 1830
  • 3.9.3 kjenne tilhøvet mellom sitt eige talemål og skriftspråka våre
  • 3.9.4 ha kunnskap om viktige trekk ved norrønt mål og kunne peike på viktige skilnader mellom norrønt og moderne norsk med utgangspunkt i norrøne tekstar (minst 3 sider)


Mål 3.10 Litteratur

Elevane skal ha kunnskap om norsk og nordisk litteratur frå dei eldste tider og fram til ca. 1900 og samtidig få litteraturhistorisk oversikt og samanheng. Tekstane skal setjast inn i ein samfunnssamanheng. I nokon grad kan ein også trekkje inn tekstar frå verdslitteraturen

Hovudmoment
Elevane skal lese og ha kunnskap om

  • 3.10.1 norrøn litteratur
  • 3.10.1.1 Eit prosaverk (t.d. ei kort ættesoge eller eit utdrag frå Snorres kongesoger eller Gylfaginning) og eit eddakvad eller utdrag frå eit eddakvad (t.d. Håvamål) bør vere med i tekstutvalet.
  • 3.10.2 folkedikting
  • 3.10.2.1 folkeviser skal vere med i tekstutvalet
  • 3.10.2.2 eventyr skal vere med i tekstutvalet
  • 3.10.2.3 segner skal vere med i tekstutvalet

- 3.10.3 1600-1700-talet

Eit utval litteratur der salmedikting og tekstar av

  • 3.10.3.1 Petter Dass
  • 3.10.3.2 Dorothe Engelbretsdotter
  • 3.10.3.4 Ludvig Holberg
  • 3.10.3.5 Johan Herman Wessel
bør vere med.

- 3.10.4 ca. 1800- ca. 1850

Eit utval litteratur der
- 3.10.4.1 Henrik Wergeland
- 3.10.4.2 Johan S. Welhaven
- 3.10.4.3 H.C.Andersen
bør vere med.

- 3.10.5 ca. 1850- ca. 1870

Eit utval litteratur der

  • 3.10.5.1 Camilla Collett
  • 3.10.5.2 Ivar Aasen
  • 3.10.5.3 Aa. O. Vinje
  • 3.10.5.4 Bjørnstjerne Bjørnson
bør vere med.

- 3.10.6 ca. 1870-ca. 1890

  • 3.10.6.1 eit drama av Henrik Ibsen
  • 3.10.6.1-4 (tekster fra) minst fire andre sentrale forfattarskapar bør og vere med
  • 3.10.6.1 Amalie Skram
  • 3.10.6.2 Arne Garborg
  • 3.10.6.3 Alexander Kielland
  • 3.10.6.4
  • 3.10.6.5 August Strindberg
Alle elevar bør ha lese ein roman frå realismen/naturalismen.

- 3.10.7 ca. 1890-ca. 1900

Eit utval litteratur der

  • 3.10.7.1 Sigbjørn Obstfelder
  • 3.10.7.2 Arne Garborg
  • 3.10.7.3 Knut Hamsun
bør vere med.

  • 3.10.8 kunne knyte noko litteraturhistorie, litteraturkunnskap og stilistikk til tekstane dei les


Mål 3.11 Massemedium

Elevane skal ha noko kunnskap om skriftlege massemedium fram til 1900.

Hovudmoment

  • 3.11.1 Elevane skal ha noko kunnskap om framveksten av nokre skriftlege massemedium på 1800-talet (t.d. bøker, aviser, folkeopplysningsskrifter, skillingstrykk og vekeblad)


Mål 3.12 Studieteknikk

Elevane skal kunne arbeide sjølvstendig og planmessig og kunne overføre denne kunnskapen til arbeidet med andre fag

Hovudmoment
Elevane skal

  • 3.12.1 kunne finne fram til høveleg kjeldemateriale og kunne bruke det på ein kritisk måte
  • 3.12.2 kunne samarbeide om oppgåver og prosjekt
  • 3.12.3 kunne bruke delar av undervisningstida til å planleggje og gjennomføre eigne læringsprosjekt


Mål 4.13 Munnleg bruk av språket

Elevane skal utvikle og vidareføre arbeidet med munnleg bruk av språket frå modul 3

Hovudmoment
Elevane skal

  • kunne drøfte ei sak og argumentere for og mot eit standpunkt
  • kunne nytte vanlege munnlege framstillingsformer med større krav til framføring, til dømes
  • - foredrag om eit fagleg emne
  • - presentasjon av eit større arbeid/prosjekt (t.d. særemne)


Mål 4.14 Skriftleg bruk av språket

Elevane skal kunne bruke skriftspråket, hovudmål og sidemål, med større krav til innhald, oppbygging og språkføring enn i modul 3

Hovudmoment
Elevane skal

  • 4.14.1 kunne uttrykkje seg klart og korrekt på hovudmålet og sidemålet
  • 4.14.2 kunne variere språkbruken (t.d. stiltone, ordval og syntaks) i eigne tekstar etter sjanger og situasjon
  • 4.14.3 kunne skrive lengre tekstar med god struktur og samanheng (t.d. resonnerande framstillingar, utgreiingar, drøftingsoppgåver, analyse av skjønnlitteratur og sakprosa, essay, kåseri og novelle/forteljing)


Mål 4.15 Språk- og kommunikasjonslære

Elevane skal ha kunnskap om norsk språkutvikling og språkvariasjon
Hovudmoment
Elevane skal

  • 4.15.1 ha kunnskap om norsk språkhistorie frå ca. 1900 og fram til i dag
  • 4.15.2 ha kunnskap om dei viktigaste målmerka og kunne bruke dei i heimfesting av dialektar
  • 4.15.3 Elevane skal ha lese ca. 5 ulike dialektprøver med dette siktemålet
  • 4.15.4 ha kunnskap om sosial variasjon i språket ( t.d. sosiolektar, gruppespråk og fagspråk )
  • 4.15.5 ha kunnskap om stilistikk og tekstsamanbinding og kunne nytte denne kunnskapen i arbeidet med tekst og språk
  • 4.15.6 ha kunnskap om argumentasjonsteknikk og kunne nytte denne kunnskapen i tekstanalyse og arbeidet med tekstar
  • 4.15.7 ha noko kunnskap om viktige skilnader mellom norsk og andre nordiske språk


Mål 4.16 Litteratur

Elevane skal ha god kunnskap om og oversyn over norsk litteratur på 1900-talet, og tekstane skal setjast inn i ein samfunnssamanheng. Elevane skal ha noko kunnskap om annan nordisk litteratur. I nokon grad kan ein og trekkje inn tekstar frå verdslitteraturen

Hovudmoment
Elevane skal
- 4.16.1 ha lese og kunne gjere greie for eit utval skjønnlitteratur og sakprosa i begge målformer frå 1900-talet. Både kvinnelege og mannlege forfattarar skal vere representerte. Tekstutvalet skal vise viktige tendensar, problemstillingar og utviklingslinjer i perioden

  • 4.16.1.1 Ein roman eller eit drama
  • 4.16.1.2 eit representativt utval korte prosatekstar (skjønnlitteratur og sakprosa)
  • 4.16.1.3 eit representativt utval lyrikk skal vere med
Minst åtte av av desse forfattarane bør vere representerte i utvalet av tekstar:
Knut Hamsun / Sigrid Undset / Olav Duun / Johan Falkberget / Kristofer Uppdal
Oskar Braaten / Sigurd Hoel / Cora Sandel / Aksel Sandemose / Nordahl Grieg
Herman Wildenvey / Olaf Bull / Olav Nygard / Arnulf Øverland / Rudolf Nilsen
Rolf Jacobsen / Halldis Moren Vesaas / Inger Hagerup / Aslaug Vaa / Tor Jonsson
Alf Prøysen / Tarjei Vesaas / Johan Borgen / Torborg Nedreaas / Jens Bjørneboe
Olav H. Hauge
  • 4.16.2 ha god kunnskap om litterær analyse
  • 4.16.3 ha lese eit utval av danske og svenske tekstar
  • 4.16.4 ein islandsk tekst i original
  • 4.16.4 ha lese omsett samisk litteratur
  • 4.16.5 ha noko kunnskap om korleis nye medium (t.d. film, video, fjernsyn, radio, kassettar og plater) formidlar litteratur


Mål 4.17 Særemne

Elevane skal kunne fordjupe seg i eit avgrensa emne innanfor språk, litteratur eller massemedium

Hovudmoment
Elevane skal ha planlagt, gjennomført og presentert (skriftleg eller munnleg) eit større arbeid. Arbeidsstoffet skal i hovudsak hentast frå norsk (eventuelt nordisk) språk, litteratur eller massemedium. Verk frå verdslitteraturen kan også trekkjast inn. Utvalet av stoff skal vere så omfattande at det fangar inn vesentlege sider ved emnet.

Særemnet i litteratur kan til dømes vere

  • forfattarstudium
  • periodestudium
  • sjangerstudium
  • temastudium
Særemnet i språk kan til dømes vere
  • dialektstudium
  • studium av norrønt mål
  • språkhistorisk emne
  • studium av stadnamn og personnamn
  • språksosiologisk emne
  • stilistisk emne
  • andre aktuelle språklege emne
Særemne i massemedium kan til dømes vere
  • samanlikning mellom skjønnlitteratur og film
  • reklamestudium
  • studium av teikneseriar eller vekeblad
  • analyse av språk og innhald i fjernsyns- eller radioprogram
  • studium av massemedium som kulturformidlar
  • studium av massemedium som informasjonskjelde


Mål 4.18 Studieteknikk

Elevane skal kunne arbeide metodisk, planmessig og kreativt i faget, både sjølvstendig og i samarbeid med andre og kunne overføre denne kunnskapen også til arbeidet med andre fag

Hovudmoment
Elevane skal

  • 4.18.1 kunne planleggje og gjennomføre eit større arbeid, individuelt og i samarbeid med andre
  • 4.18.2 kunne nytte vitskapleg arbeidsmåte i faget, syne dømmekraft, kreativitet og kritisk sans
  • 4.18.3 kunne planleggje og evaluere eiga læring i faget i samarbeid med lærar




Tilbud!!! Fri roaming i Europa - Bruk telefonen til alt - også utenfor Norge!