Opprettet
per 22.01.98
Læreplan for vidaregåande
opplæring
Norsk
Felles allment fag for alle
studieretningar
Kyrkje-, utdannings- og
forskingsdepartementet
Oktober 1993
Forord
Læreplanverket for vidaregåande opplæring omfattar all opplæring under
lov om vidaregående opplæring
lov om fagopplæring i arbeidslivet
Læreplanverket er samansett av to delar:
1 Læreplan, generell del, for grunnskole, vidaregåande opplæring og vaksenopplæring
Generell del fastset overordna mål og retningslinjer for den samla verksemda i grunnskole og vidaregåande opplæring
2 Læreplanar for vidaregåande opplæring
Denne læreplanen omfattar det felles allmenne faget norsk
for grunnkurs og vidare-gåande kurs I i yrkesfaglege studieretningar og for
grunnkurs, vidaregåande kurs I og II i dei andre studieretningane.
Denne planen skal gå inn som ein del av læreplanane for dei ulike opplæringsløpa. Når læreplanane for alle utdanningsløpa er klare, vil dei enkelte delane bli sette saman til ein læreplan for kvart utdanningsløp. Det vil innebere at ein må gjere enkelte justeringar i kapittel 1 og i vedlegga. I samband med desse justeringane vil ein også vurdere om det er element i læreplanane som overlappar kvarandre. Før den endelege planen ligg føre, vil han bli språkleg gjennomgått. Metodiske rettleiingar og annan informasjon om vidaregåande opplæring vil bli utgitt separat.
Departementet reknar med at skolane gjennom ein overgangsperiode på fem år frå 01.08.94 skaffar seg nødvendig utstyr til å kunne bruke informasjonsteknologi i opplæringa.
Denne læreplanen er mellombels fastsett inntil dei endelege læreplanane for dei enkelte utdanningsløpa i studieretningane er klare.
Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet 15.10.93
Innhold
Kapittel 1: Generell informasjon.......................................................................................... 1
1.1 Innleiing *.............................................................................................................. 1
1.2 Norskfaget i vidaregåande opplæring...................................................................... 5
Kapittel 2: Mål og hovudmoment......................................................................................... 6
2.1 Felles mål for modul 1 og 2.................................................................................... 6
2.2 Modul 1 Grunnkurs for yrkesfaglege studieretningar................................................ 7
2.3 Modul 2 Vidaregåande kurs I for yrkesfaglege studieretningar................................. 9
2.4 Felles mål for modul 1, 2, 3 og 4.......................................................................... 12
2.5 Modul 1 og 2 Grunnkurs for studieretningane for felles allmenne og
økonomiske/administrative fag, musikk, dans og drama og idrettsfag..................... 13
2.6 Modul 3 Vidaregåande kurs I for studieretningane for felles allmenne og
økonomiske/administrative fag, musikk, dans og drama og idrettsfag.................... 16
2.7 Modul 4 Vidaregåande kurs II for studieretningane for felles allmenne og
økonomiske/administrative fag, musikk, dans og drama og idrettsfag..................... 19
Kapittel 3: Vurdering........................................................................................................... 23
3.1 Kvifor vurdering?................................................................................................. 23
3.2 Kva skal vurderast?............................................................................................. 23
3.3 Korleis skal ein vurdere?...................................................................................... 23
3.4 Spesielle forhold som gjeld vurdering i Norsk....................................................... 24
Vedlegg 1
Timetal og modular.................................................................................................................... 25
Vedlegg 2
Vurderingsordningar i norsk....................................................................................................... 26
Faget i historisk perspektiv
Undervisning i morsmålet har lang tradisjon i Noreg. Den første lese- og skriveopplæringa her i landet var på 1700-talet knytt til konfirmasjonsundervisninga, mens norskfaget i moderne meining, med norsk kultur, litteratur og språk i sentrum, voks fram i folkeskolen kort etter 1850. I middelskolen og gymnaset fekk norskfaget først eit gjennombrot ved reforma i 1896, og det var ikkje minst det moderne nasjonale gjennombrotet i litteraturen og innføringa av Nordahl Rolfsens lesebok i folkeskolen som opna vegen for det nye norskfaget. Formidling av norsk kultur og nasjonal fellesskapskjensle var hovudmålet for faget.
Også innanfor yrkesfagleg utdanning har morsmålsfaget lange tradisjonar, og undervisninga var gjerne knytt nær opp til yrkesfaget og etter kvart også til samfunnskunnskap. Om undervisninga i fagskolar heiter det i ei innstilling frå Kyrkje- og undervisningsdepartementet i 1919: "Det skal ikke bare være fortsettelsesskolens oppgave å utdanne duelige arbeidsmennesker og dyktige samfunnsborgere, men også gode mennesker. Hertil er mors-målet uundværlig."
Synet på kva som er viktig å lære i norskfaget, har endra seg noko opp igjennom tidene. Etter læreplanane frå 1899 skulle middelskole-elevane mellom anna lære å lese "tydelig og udtryksfuldt" både på landsmålet og "det almindelige Bogmaal". Gymnaselevane skulle ha gjennomgått og kunne gjere greie for eit utval av litteraturen som var skrive på gammalnorsk, landsmål og "det almindelige Bogmaal". Dei fekk opplæring i litterære emne, og frå 1906 av måtte dei skrive to stilar til examen artium, éin på hovudmålet og éin på sidemålet. I endringane av læreplanane av 1910 og 1920 vart det lagt vekt på "at gi eleven et saa fyldig kjendskap som mulig til vort kulturliv i forskjellige tider, saaledes som dette aabenbarer seg i litteraturen" og å "bringe elevene til at forstaa hvad gavn og glæde der kan oppnaaes ved en læsning som gir sig tid til at dvæle ved innhold og form". Først i 1930-åra vart det understreka at norsk er "skolens centrale fag" (plankomiteen 1939), og at faget også hadde til oppgåve å orientere elevane i tilværet. I tida etter den andre verdskrigen voks det fram eit større medvit om korleis elevane gjennom å utvikle eit rikare språk også utviklar seg sjølv og samstundes kvesser evna til å gripe meir av den verda dei lever i.
Historia syner at læreplanane for norsk i det 20. hundreåret lyftar faget opp som eit sentralfag som skal utvikle evna til å skjøne, lese, skrive, samtale, drøfte og tenkje, men også som eit kulturfag som skal skape medvit om røtene våre og kveikje kunnskapen om, interessa for og gleda ved språk og litteratur.
* Innleiinga gjeld heile norskplanen.
Innhald og mål for norskfaget
Norsk er eit grunnleggjande fag i allmenndanninga. Ikkje berre har det stor eigenverdi, men det grip også over i dei andre faga. Vi tenkjer gjennom språket, og det å meistre morsmålet er ein føresetnad for å kunne formulere tankar og kjensler, og det er grunnlaget for all læring.
Det er også grunnlaget for å kunne utvikle personleg og kulturell identitet, etisk og estetisk sans og evna til å orientere seg i samfunnet. Gjennom faget skal elevane få kunnskap om norsk litteratur og kultur, om språk og samfunn, om liv og arbeid, om kulturtradisjonar og massemedium. Dei skal kunne sjå linjene i utviklinga og også få syn for korleis norsk kultur inngår i ein større kulturfellesskap.
Norsk er eit språk- og tekstfag som omfattar kunnskap om språket som system og språket i funksjon gjennom skriftlege og munnlege tekstformer som er og har vore vanlege i vår kultur. Dette gjer at norsk blir eit svært omfattande fag med rom for mange ulike aktivitetar og eit vidt tekstmateriale. Føremålet er at elevane skal lære av og om språk og litteratur i eit samspel mellom kunnskapsstoffet, tekstmaterialet og arbeidsmåtane i faget. Faget må i størst mogleg grad framstå som ein heilskap for elevane, og det må også vere knytt til studieretninga som elevane går på.
Fagintegrering
Norskfaget har ein klar eigenverdi, men det er også eit viktig reiskaps- og støttefag for andre fag. Fagintegrering og tverrfagleg samarbeid vil i mange høve vere naturlege arbeidsformer i norskfaget. Særleg er det viktig å finne fram til moglege skjeringspunkt mellom yrkesfaga og norskfaget. Når elevane til dømes skal lære om rapportskriving i norskfaget, er det naturleg å la dei velje eit tema frå yrkesfaget. Også i valet av litteratur, ikkje minst sakprosa, kan det vere fruktbart å utnytte stoff og tema som elevane arbeider med i andre fag.
Litteratur
Arbeidet med litteratur har brei plass i norskfaget, både fordi litteraturen representerer ei viktig side ved norsk kulturhistorie, og fordi lesing har mykje å seie for personleg og språkleg modning og utvikling. God litteratur er ein viktig stimulans både etisk og estetisk og gir elevane perspektiv på eigne røynsler. Samstundes gir litteraturen døme på korleis røyn-dommen kan formulerast og utforskast gjennom språket, og god litteratur kan vere ein fin stimulans og tene som språkleg modell for elevane når dei skriv sjølv. Norskfaget skal utvikle evna til å skjøne, oppleve og vurdere norsk litteratur frå eldre tider og fram til i dag. Eit rikt utval av norsk skjønnlitteratur og sakprosa utgjer kjernen i litteraturlesinga, men også tekstar frå nordisk og internasjonal litteratur har sin plass.
Kulturarven
Norskfaget er ein viktig formidlar av den nasjonale kulturarven. Faget har som ei sentral oppgåve å formidle innsikt i norsk språk og litteratur frå norrøn tid og opp til vår tid. I faget skal elevane få møte viktige verk av høg litterær kvalitet, som gir elevane ein kulturhistorisk dimensjon, overfører kunnskap frå fortida og utviklar eit kollektivt medvit. Opplæringa skal skape innsikt i vårt eige, om verdiar, idear og førestillingar som er viktige for den norske veremåten, og om nokre av dei mange referansane som litteraturen i vid meining har gitt oss. På den måten kan kulturarven gi oss ei felles referanseramme som er grunnlaget for god kommunikasjon, felles oppleving og forståing av kultur og samfunn.
Kjennskap til norsk skriftkultur inneber også noko kjennskap til den nordiske og den internasjonale skriftkulturen som vi er ein del av. Kjennskap til påverknad, samanheng og kontrast mellom det heimlege og det framande kan gi nye perspektiv på kulturarven. Dei kulturkonfliktane som er og har vore ein del av samfunnet vårt, må også synleggjerast og drøftast. Kulturomgrepet, slik ein må forstå det i skolesamanheng, dreiar seg ikkje berre om at kulturarven skal formidlast. Kultur blir også skapt i skolen, i samspelet mellom den sosiale og kulturelle samanhengen elevane står i og skolekulturen elevane møter.
Språkopplæring
Gjennom norskfaget skal elevane, kvar etter sine eigne føresetnader, lære å uttrykkje seg klart og eintydig, både skriftleg og munnleg, samstundes som dei skapande evnene blir nørte og nærte. Fantasi og leik har sin sjølvsagde plass i norskundervisninga, men likevel må ein aldri miste av syne at det kvardagsspråket elevane treng mest i arbeids- og samfunnslivet, er den smidige bruksprosaen, det klare resonnementet, bygd opp gjennom tolmodig øving, god konsentrasjon og høveleg rettleiing.
Elevane skal få medvit om at dei må utforske og erobre språket gjennom heile livet, på nytt og på nytt. Gjennom språket vinn dei innsikt om verda, gjennom språket veks dei og mognar dei, gjennom språket oppdagar dei, ofte i glede, men kanskje oftare i slit og møde, dei nye perspektiva, dei nye horisontane og den nye kunnskapen dei treng. Det er derfor viktig at norskopplæringa framelskar språkleg medvit, slik at elevane styrkjer den språklege sjølvkjensla, samstundes som dei lærer seg å respektere andre språklege variantar enn den dei sjølv bruker.
Å lære å skrive er ein komplisert prosess der det ikkje utan vidare er éin veg frå middel til mål. Elevane skal få høve til å utvikle språk- og stilsans gjennom å skrive i ulike situasjonar og i ulike tekstformer. Å skrive inneber både kreativitet og tilpassing til språklege normer og konvensjonar, og det er ei viktig oppgåve for norskfaget å gi elevane rettleiing i dette. Gjennom profesjonell rettleiing frå læraren, men også gjennom rettleiing og reaksjonar frå andre elevar, kan elevane utvikle evna til å vurdere eigne tekstar. Gjennom norskopplæringa skal elevane lære at det å skrive godt, inneber at ein avpassar innhald og språkføring etter samanhengen ein skriv i. Der det praktisk ligg til rette for det, bør bruk av tekstbehandling integrerast i arbeidet med faget.
Kunnskap om språket
Kunnskap om språket i fortid og samtid er ein del av norskfaget. Skal elevane utvikle eit rikt og dugeleg språk, må dei ha ein terminologi som gjer at dei kan beskrive korleis språket er bygd opp, og korleis det fungerer i tale og tekst. Like viktig er det at dei forstår korleis det norske språket har vakse fram frå ei indoeuropeisk fortid og til den språksituasjonen vi har i dag. Gjennom språkhistoria skal elevane skjøne føresetnadene for dei to skriftspråka våre, forstå språksituasjonen i dag og samstundes utvikle språkleg toleranse. Det er viktig at elevane forstår kvifor språket endrar seg, og korleis den internasjonale massekulturen overrislar den norske kvardagen med angloamerikanske ord og uttrykk. Framand påverknad kan vere av det gode, men han må støypast i vår eigen tradisjon og ikkje få lov til å utvatne dei røynslene og nyansane som berre vårt eige mål finn fullgodt uttrykk for.
Massemedium
Gjennom norskfaget skal elevane også lære å kjenne ulike språklege kulturar som dei møter i til dømes fjernsyn, film, radio, aviser, vekeblad, reklame og faglitteratur. Massemedium spelar ei viktig rolle i kvardagen til dei unge, og mediesituasjonen har endra seg dramatisk berre gjennom dei siste tiåra. Massemedia kan vere både kulturformidlarar og informasjonskjelder, og ein må heller ikkje sjå bort frå den påverknaden moderne massemedium kan ha, på både godt og vondt. Så langt det er mogleg, må elevane også utvikle ei medviten, kritisk og analytisk haldning til massemedium.
Norsk er eit felles allment fag i alle studieretningar. Faget byggjer på den undervisninga eleven har fått i grunnskolen.
I yrkesfaglege studieretningar skal alle elevar ha i alt 150 årstimar (gjennomsnittleg 4 veketimar) norsk. I studieretningane for allmenne og økonomiske/administrative fag, musikk, dans og drama og idrettsfag skal alle elevar ha i alt 524 årstimar (gjennomsnittleg 14 veketimar), som er kravet til generell studiekompetanse. Elevar som har teke norsk som felles allment fag på ei yrkesfagleg studieretning (grunnkurs og vidaregåande kurs I = 150 årstimar), kan byggje vidare på dette for å få generell studiekompetanse i norsk.
Denne planen omtalar måla i for 150-timarsfaget, som er obligatorisk for yrkesfaglege studieretningar, og 524-timarsfaget, som er obligatorisk for dei andre studieretningane. Planen gir også eit oversyn over modulinndelinga og korleis ein kan byggje vidare på 150-timarskurset for å oppnå generell studiekompetanse i faget. Sjå vedlegg 1. Vurdering i faget er omtala i kapittel 3 og vedlegg 2.
Modul 1 og modul 2 utgjer det felles grunnlaget som alle elevar i vidaregåande opplæring skal ha i norsk. Desse modulane er obligatoriske for alle studieretningane. Av pedagogiske og organisatoriske omsyn og for å kunne ta omsyn til ei viss tilpassing til studieretningane, har ein valt å setje opp modul 1 og 2 kvar for seg for yrkesfaglege studieretningar og modul 1 og 2 saman for studieretning for allmenne og økonomiske/administrative fag, musikk, dans og drama og idrettsfag. I yrkesfaglege studieretningar les ein modul 1 på grunnkurset og modul 2 på vidaregåande kurs I, mens modul 1 og 2 utgjer grunnkurset for dei andre studieretningane. Modul 3 og 4 byggjer på det felles grunnlaget frå modul 1 og 2, og dei fire modulane dekkjer til saman kravet til studiekompetanse i faget. I studieretningane for felles allmenne og økonomiske/administrative fag, musikk, dans og drama og idrettsfag er alle modulane obligatoriske, mens dei elevane som har teke modul 1 og 2 i ei yrkesfagleg studie-retning, kan ta modul 3 og 4 i tillegg for å få studiekompetanse i faget.
Elevane skal
kunne uttrykkje seg klart og presist, både skriftleg og munnleg, og kunne avpasse innhald og språkbruk etter kva slags samanhengar ein ordlegg seg i
kjenne og kunne nytte fagtermar frå yrkesområdet sitt i sakprosatekstar
ha kunnskap om grammatikk og vanlege stilistiske verkemiddel og kunne nytte denne kunnskapen i arbeidet med språk og tekst
ha kunnskap om korleis situasjonen påverkar språkbruken og kunne nytte denne
kunnskapen i praksis
ha kunnskap om grunnelement i tekstanalyse og kunne lese og kommentere ulike slag tekstar
ha kunnskap om dei viktigaste sjangrane i skjønnlitteratur og sakprosa og kunne skrive
ulike slag tekstar
ha kunnskap om korleis ein utviklar, byggjer opp, endrar og skriv ferdig ein tekst og kunne bruke denne kunnskapen i si eiga skriving
kjenne ulike variantar av talemålet i sitt eige miljø
ha kunnskap om språksituasjonen i Noreg i dag
ha kunnskap om norsk litteratur med hovudvekt på tida etter 1940
ha noko kjennskap til omsett samisk litteratur
ha noko kunnskap om viktige massemedium og korleis dei påverkar oss
kunne bruke bøker, aviser og andre massemedium som informasjonskjelder
kjenne til og kunne bruke hjelpemiddel som ordbøker, leksika og andre oppslagsverk
kunne planleggje og gjennomføre eit prosjektarbeid
Mål 1 Munnleg bruk av
språket
Elevane skal kunne bruke
talespråket i ulike situasjonar og kunne avpasse innhald og språkbruk etter
situasjonen
Hovudmoment
Elevane skal kunne nytte vanlege munnlege framstillingsformer, til dømes
- forteljing (t.d. om ei oppleving eller eit saksforhold)
- referat/resymé
- innleiing til diskusjon
- diskusjon i klassen og i mindre grupper
- presentasjon
- instruksjon (t.d. om bruken av teknisk utstyr, maskinar og arbeidsreiskapar)
- andre yrkesretta aktivitetar etter behov
Mål 2 Skriftleg bruk av
språket
Elevane skal kunne bruke
skriftspråket i hovudmålet i ulike samanhengar og
kunne avpasse innhald og
språkbruk etter situasjonen
Hovudmoment
Elevane skal få øving i å skrive i ulike sjangrar, både sakprosa og skjønnlitteratur, til dømes
- enkle resonnerande framstillingar
- novelle/forteljing
- møteinnkalling
- referat (inkludert møtereferat)
- brev (ulike typar som søknad, bestillingsbrev og lesarbrev)
- rapport
- andre yrkesretta oppgåver etter behov
Mål 3 Språk- og
kommunikasjonslære
Elevane skal ha kunnskap
om språk- og kommunikasjonslære og kunne nytte denne
kunnskapen i arbeidet med
språk og tekst
Hovudmoment
Elevane skal
- ha grunnleggjande kunnskap om rettskriving, formverk og språkføring i hovudmålet
- ha grunnleggjande kunnskap om ordlære og setningslære, og kunne nytte kunnskapen i arbeidet med språk og tekst
- kjenne dei viktigaste elementa i språkleg kommunikasjon og kunne bruke denne
kunnskapen i praktisk arbeid med språket
Mål 4 Litteratur
Elevane skal ha kunnskap om norsk litteratur i ulike sjangrar med
hovudvekt på litteratur frå tida etter 1940. I nokon grad kan ein også trekkje
inn tekstar frå andre nordiske land og frå verdslitteraturen. Det er eit mål at
arbeidet med litteraturen skal skape interesse for og glede over å lese
litteratur
Hovudmoment
Elevane skal
- ha lese og kunne gjere greie for eit utval av nyare norsk skjønnlitteratur og sakprosa i begge målformer. Omsett samisk litteratur skal vere med i utvalet. I utvalet av tekstar skal
både kvinnelege og mannlege forfattarar vere representerte. Desse sjangrane skal vere
med i utvalet:
Ein dramatisk tekst (lese el. sjå)
Eit representativt utval av noveller (ca. halvparten av utvalet i modul 1, resten i modul 2)
Eit representativt utval av dikt (ca. halvparten av utvalet i modul 1, resten i modul 2)
Eit variert utval av sakprosatekstar, gjerne med tema frå yrkeslivet (ca. halvparten av utvalet i modul 1, resten i modul 2)
- ha kunnskap om grunnelement i tekstanalyse og kunne bruke denne kunnskapen når ein
arbeider med litteratur
- ha noko kunnskap om sentrale forfattarar i samband med dei litterære tekstane
Mål 5 Massemedium
Elevane skal ha noko kunnskap om massemedium som informasjonskjelde
Hovudmoment
Elevane skal
- ha noko kunnskap om viktige massemedium (t.d. bøker, aviser, tidsskrift, vekeblad, radio, fjernsyn og film) og korleis dei påverkar oss
- ha kunnskap om viktige trekk ved reklame og vanlege verkemiddel i reklametekstar
Mål 6 Studieteknikk
Elevane skal utvikle gode
arbeidsmåtar i faget og kunne overføre denne kunnskapen også til arbeidet med
andre fag
Hovudmoment
Elevane skal
- ha kunnskap om og kunne nytte elementær studieteknikk
- kjenne til og kunne bruke ordlister, ordbøker og andre typar oppslagsverk som hjelpemiddel
- kunne nytte biblioteket for å finne fram til stoff dei treng
- kunne nytte ulike arbeidsformer i faget, til dømes gruppearbeid og prosjektarbeid
Mål 1 Munnleg bruk av
språket
Elevane skal kunne bruke
talespråket i ulike situasjonar og kunne avpasse innhald
og språkbruk etter
situasjonen. Elevane skal vidareutvikle kunnskap og dugleik frå
modul 1
Hovudmoment
Elevane skal kunne nytte vanlege munnlege framstillingsformer, til dømes
- dramatisering/rollespel
- diskusjon i klassen og i mindre grupper
- møteleiing
- presentasjon
- instruksjon
- enkle foredrag
- intervju
- andre yrkesretta aktivitetar etter behov
Mål 2 Skriftleg bruk av
språket
Elevane skal kunne bruke
skriftspråket i hovudmålet i ulike samanhengar og kunne avpasse innhald og
språkbruk etter situasjonen. Elevane skal vidareutvikle kunnskap og dugleik frå
modul 1
Hovudmoment
Elevane skal få øving i å skrive i ulike sjangrar, både sakprosa og skjønnlitteratur,
til dømes
- enkle resonnerande framstillingar
- bokmelding (og ev. filmmelding)
- enkel analyse og tolking av tekstar
- kåseri
- rapport (t.d. frå utplasseringsperiode, arbeidsoppdrag eller miljøprosjekt)
- utgreiing
- andre yrkesretta
oppgåver etter behov (t.d. instruksar, prosessbeskriving)
Mål 3 Språk- og
kommunikasjonslære
Elevane skal ha kunnskap
om språk og kommunikasjon og kunne nytte denne kunnskapen i arbeidet med språk
og tekst
Hovudmoment
Elevane skal
- kjenne nokre stilistiske omgrep som er nødvendige i arbeidet med språk og tekst
- ha grunnleggjande kunnskap om formverk og språkføring i hovudmålet
- ha kunnskap om skriftspråksituasjonen i Noreg, t.d. tilhøvet mellom nynorsk og bokmål,
offentleg målbruk, påverknad frå andre språk og nydanningar i språket vårt
- kjenne ulike variantar av talemålet med utgangspunkt i eige miljø (fagspråk, gruppespråk, dialektar, sosiolektar og slang)
Mål 4 Litteratur
Elevane skal ha kunnskap om norsk litteratur i ulike sjangrar med
hovudvekt på litteratur frå tida etter 1940. I nokon grad kan ein også trekkje
inn tekstar frå andre nordiske land og frå verdslitteraturen. Elevane skal
vidareføre arbeidet med litteratur frå modul 1
Hovudmoment
Elevane skal
- ha lese og kunne gjere greie for eit utval av nyare norsk skjønnlitteratur og sakprosa i begge målformer. Omsett samisk litteratur skal vere med i utvalet. I utvalet av tekstar skal både kvinnelege og mannlege forfattarar vere representerte. Desse sjangrane skal vere med i utvalet:
Ein roman
Eit representativt utval av noveller (vidareføring av arbeidet frå modul 1)
Eit representativt utval av dikt (vidareføring av arbeidet frå modul 1)
Eit variert utval av sakprosatekstar, gjerne med tema frå yrkeslivet (vidareføring av arbeidet frå modul 1)
- ha kunnskap om grunnelement i tekstanalyse og kunne påvise og vurdere bruken av
enklare stilistiske verkemiddel
- ha noko kunnskap om sentrale forfattarar i samband med dei litterære tekstane og ha oversyn over perioden etter 1940
Mål 5 Massemedium
Elevane skal ha noko kunnskap om massemedium som kulturformidlarar
Hovudmoment
Elevane skal ha noko kunnskap om massemedium som kulturformidlarar og korleis ulike medium (t.d. radio, fjernsyn og film) formidlar språk og tekst etter 1940.
Mål 6 Studieteknikk
Elevane skal utvikle gode
arbeidsmåtar i faget med vekt på å kunne arbeide meir sjølvstendig og kunne
overføre denne kunnskapen til arbeidet med andre fag
Hovudmoment
Elevane skal
- kunne nytte biblioteket meir sjølvstendig for å finne fram til stoff dei treng
- kunne nytte ulike arbeidsformer i faget, til dømes prosjektarbeid
- kjenne til korleis ein utviklar, byggjer opp, endrar og skriv ferdig ein tekst, og kunne nytte denne kunnskapen i arbeidet med eiga skriving, gjerne med bruk av tekstbehandling der det praktisk ligg til rette for det
Elevane skal
kunne uttrykkje seg klart og presist, både skriftleg og munnleg, og kunne avpasse innhald og språkbruk etter kva slags samanhengar ein ordlegg seg i
ha kunnskap om grammatikk og stilistikk og kunne nytte dei viktigaste omgrepa i arbeidet med språk og tekst
ha kunnskap om og kunne gjere greie for korleis situasjonen påverkar språkbruken
ha kunnskap om dei viktigaste sjangrane i skjønnlitteratur og sakprosa og kunne skrive ulike slag tekstar
ha kunnskap om korleis ein utviklar, byggjer opp, endrar og skriv ferdig ein tekst, og kunne nytte denne kunnskapen i si eiga skriving
ha kunnskap om dei viktigaste dialektmerka og kunne bruke denne kunnskapen i heimfesting av dialektar
ha kunnskap om sosiale variasjonar i språket
kjenne hovudlinjene i norsk språkhistorie og ha kunnskap om språksituasjonen i Noreg i dag
ha kunnskap om elementær litteraturteori og kunne lese og analysere ulike slag tekstar
ha kunnskap om norsk litteratur frå dei eldste tider til i dag og kjenne dei viktigaste
periodane i norsk litteraturhistorie
ha kunnskap om sentrale forfattarskapar og sentrale enkeltverk i norsk litteratur
ha noko kjennskap til omsett samisk litteratur
ha noko kunnskap om andre nordiske språk og ha lese dansk, svensk og noko islandsk litteratur på originalspråket
ha kunnskap om viktige massemedium og korleis ulike medium formidlar språk og tekst
kunne bruke bøker, aviser og andre massemedium som informasjonskjelder
kjenne til og kunne bruke hjelpemiddel som ordbøker, leksika og andre oppslagsverk
kunne planleggje og gjennomføre eit større arbeid
Mål 1 Munnleg bruk av
språket
Elevane skal kunne bruke
talespråket i ulike situasjonar og kunne avpasse innhald og språkbruk etter
situasjonen
Hovudmoment
Elevane skal kunne nytte vanlege munnlege framstillingsformer, til dømes
- forteljing (t.d. om ei oppleving eller eit saksforhold)
- dramatisering/rollespel
- diskusjon i klassen og i mindre grupper
- innleiing til diskusjon
- møteleiing
- referat/resymé
- presentasjon
- enkle foredrag
- intervju
- andre yrkesretta aktivitetar etter behov
Mål 2 Skriftleg bruk av
språket
Elevane skal kunne bruke
skriftspråket, både hovudmålet og sidemålet, i ulike samanhengar og kunne
avpasse innhald og språkbruk etter situasjonen
Hovudmoment
Elevane skal få øving i å skrive i ulike sjangrar, både sakprosa og skjønnlitteratur, til dømes
- enkle resonnerande framstillingar
- enkel analyse og tolking av tekstar
- bokmelding (og ev. filmmelding)
- novelle/forteljing
- kåseri
- rapport
- referat (inkludert møtereferat)
- møteinnkalling
- utgreiing
- brev (ulike typar som søknad og lesarbrev)
- andre yrkesretta oppgåver etter behov
Mål 3 Språk- og
kommunikasjonslære
Elevane skal ha kunnskap
om språk- og kommunikasjonslære og kunne nytte denne
kunnskapen i arbeidet med
språk og tekst
Hovudmoment
Elevane skal
- ha grunnleggjande kunnskap om rettskriving, formverk og språkføring i hovudmål og sidemål
- ha grunnleggjande kunnskap om ordlære og setningslære, og kunne nytte denne kunnskapen i arbeidet med språk og tekst
- kjenne stilistiske omgrep som er nødvendige i tekstanalyse
- kjenne dei viktigaste elementa i språkleg kommunikasjon og kunne bruke denne
kunnskapen i praktisk arbeid med språket
- ha kunnskap om skriftspråksituasjonen i Noreg, som tilhøvet mellom nynorsk og bokmål, offentleg målbruk, påverknad frå andre språk og nydanningar i språket vårt
- kjenne ulike variantar av talemålet med utgangspunkt i eige miljø (dialektar, sosiolektar, fagspråk, gruppespråk og slang)
Mål 4 Litteratur
Elevane skal ha kunnskap om norsk litteratur i ulike sjangrar med hovudvekt på litteratur frå tida etter 1940. I nokon grad kan ein også trekkje inn tekstar frå andre nordiske land og frå verdslitteraturen. Det er eit mål at arbeidet med litteraturen skal skape interesse for og glede over å lese litteratur
Hovudmoment
Elevane skal
- ha lese og kunne gjere greie for eit utval av nyare norsk skjønnlitteratur og sakprosa i begge målformer. Omsett samisk litteratur skal vere med i utvalet. I utvalet av tekstar skal både kvinnelege og mannlege forfattarar vere representerte.
Desse sjangrane skal vere med i utvalet:
Ein roman
Ein dramatisk tekst (lese el. sjå)
Eit representativt utval av noveller
Eit representativt utval av dikt
Eit variert utval av sakprosatekstar
- ha kunnskap om grunnelement i tekstanalyse og kunne påvise og vurdere bruken av enklare stilistiske verkemiddel
- ha noko kunnskap om sentrale forfattarar i samband med dei litterære tekstane og ha
oversyn over perioden etter 1940
Mål 5 Massemedium
Elevane skal ha kjennskap til massemedium både som
informasjonskjelde og kulturformidlar
Hovudmoment
Elevane skal
- kjenne til viktige massemedium (t.d. bøker, aviser, tidsskrift, vekeblad, radio, fjernsyn og film) og korleis dei påverkar oss
- ha noko kunnskap om korleis ulike medium formidlar språk og tekst
- ha kunnskap om viktige trekk ved reklame og vanlege verkemiddel i reklametekstar
Mål 6 Studieteknikk
Elevane skal utvikle gode
arbeidsmåtar i faget og kunne overføre denne kunnskapen til arbeidet med andre
fag
Hovudmoment
Elevane skal
- ha kunnskap om og kunne nytte elementær studieteknikk
- kjenne til og kunne bruke ordlister, ordbøker og andre typar oppslagsverk som hjelpemiddel
- kunne nytte biblioteket for å finne fram til stoff dei treng
- kunne nytte ulike arbeidsformer i faget, til dømes prosjektarbeid og gruppearbeid
- kjenne til korleis ein utviklar, byggjer opp, endrar og skriv ferdig ein tekst og kunne nytte denne kunnskapen i arbeidet med eiga skriving, gjerne med bruk av tekstbehandling der det praktisk ligg til rette for det
Mål 7 Munnleg bruk av
språket
Elevane skal utvikle og
vidareføre arbeidet med munnleg bruk av språket frå grunnkurset
Hovudmoment
Elevane skal kunne nytte vanlege munnlege framstillingsformer med større krav til innhald og språkbruk, til dømes
- innleiing til diskusjon
- oppsummering av diskusjon
- presentasjon av eit emne i faget
- dramatisering og framføring av
litteratur
Mål 8 Skriftleg bruk av
språket
Elevane skal utvikle
vidare den skriftspråklege kompetansen frå grunnkurset.
Hovudmoment
Elevane skal
- ha god kunnskap om og vere sikre i hovudmål og sidemål
- kunne skrive lengre, samanhengande tekstar på hovudmål og sidemål i ulike sjangrar
med større krav til innhald, oppbygging og språkføring
- kunne skrive ein analyse av ein skjønnlitterær tekst
- kunne skrive ein analyse av ein sakprosatekst
- kunne resonnere, argumentere og drøfte i skriftleg framstilling
Mål 9 Språk- og
kommunikasjonslære
Elevane skal utvikle
vidare kunnskapen om språk og kommunikasjon frå grunnkurset. I tillegg skal dei
kjenne hovudlinjene i norsk språkhistorie og viktige drag ved norrønt mål
Hovudmoment
Elevane skal
- ha utvikla vidare kunnskap og dugleik som er nemnde under same mål i tidlegare kurs
- ha kunnskap om viktige delar av norsk språkhistorie med særleg vekt på tida etter 1830
- kjenne tilhøvet mellom sitt eige talemål og skriftspråka våre
- ha kunnskap om viktige trekk ved norrønt mål og kunne peike på viktige skilnader mellom norrønt og moderne norsk med utgangspunkt i norrøne tekstar (minst 3 sider)
Mål 10 Litteratur
Elevane skal ha kunnskap
om norsk og nordisk litteratur frå dei eldste tider og fram til
ca. 1900 og samtidig få
litteraturhistorisk oversikt og samanheng. Tekstane skal setjast inn i ein
samfunnssamanheng. I nokon grad kan ein også trekkje inn tekstar frå
verdslitteraturen
Hovudmoment
Elevane skal lese og ha kunnskap om
- norrøn litteratur
Eit prosaverk (t.d. ei kort ættesoge eller eit utdrag frå Snorres kongesoger eller
Gylfaginning) og eit eddakvad eller utdrag frå eit eddakvad (t.d. Håvamål)
bør vere med i tekstutvalet.
- folkedikting
Folkeviser, eventyr og segner skal vere med i tekstutvalet.
- 1600-1700-talet
Eit utval litteratur der salmedikting og tekstar av Petter Dass, Dorothe Engelbretsdotter, Ludvig Holberg og Johan Herman Wessel bør vere med.
- ca. 1800- ca. 1850
Eit utval litteratur der Henrik Wergeland, Johan S. Welhaven og H.C.Andersen bør vere med.
- ca. 1850- ca. 1870
Eit utval litteratur der Camilla Collett, Ivar Aasen, Aa. O. Vinje og Bjørnstjerne Bjørnson bør vere med.
- ca. 1870-ca. 1890
Eit utval litteratur der eit drama av Henrik Ibsen bør vere med. Tekstar frå minst fire
andre sentrale forfattarskapar bør og vere med, og blant dei bør Amalie Skram vere
representert. Også ein tekst av August Strindberg bør vere med i utvalet. Alle elevar bør ha lese ein roman frå realismen/naturalismen.
- ca. 1890-ca. 1900
Eit utval litteratur der Sigbjørn Obstfelder, Arne Garborg og Knut Hamsun bør vere med.
- kunne knyte noko litteraturhistorie, litteraturkunnskap og stilistikk til tekstane dei les
Mål 11 Massemedium
Elevane skal ha noko
kunnskap om skriftlege massemedium fram til 1900.
Hovudmoment
Elevane skal ha noko kunnskap om framveksten av nokre skriftlege massemedium på 1800-talet (t.d. bøker, aviser, folkeopplysningsskrifter, skillingstrykk og vekeblad).
Mål 12 Studieteknikk
Elevane skal kunne
arbeide sjølvstendig og planmessig og kunne overføre denne
kunnskapen til arbeidet
med andre fag
Hovudmoment
Elevane skal
- kunne finne fram til høveleg kjeldemateriale og kunne bruke det på ein kritisk måte
- kunne samarbeide om oppgåver og prosjekt
- kunne bruke delar av undervisningstida til å planleggje og gjennomføre eigne læringsprosjekt
Mål 13 Munnleg bruk av
språket
Elevane skal utvikle og
vidareføre arbeidet med munnleg bruk av språket frå modul 3
Hovudmoment
Elevane skal
- kunne drøfte ei sak og argumentere for og mot eit standpunkt
- kunne nytte vanlege munnlege framstillingsformer med større krav til framføring, til dømes
- foredrag om eit fagleg emne
- presentasjon av eit større arbeid/prosjekt (t.d. særemne)
Mål 14 Skriftleg bruk av
språket
Elevane skal kunne bruke
skriftspråket, hovudmål og sidemål, med større krav til innhald, oppbygging og
språkføring enn i modul 3
Hovudmoment
Elevane skal
- kunne uttrykkje seg klart og korrekt på hovudmålet og sidemålet
- kunne variere språkbruken (t.d. stiltone, ordval og syntaks) i eigne tekstar etter sjanger og situasjon
- kunne skrive lengre tekstar med god struktur og samanheng (t.d. resonnerande framstillingar, utgreiingar, drøftingsoppgåver, analyse av skjønnlitteratur og sakprosa, essay, kåseri og novelle/forteljing)
Mål 15 Språk- og
kommunikasjonslære
Elevane skal ha kunnskap
om norsk språkutvikling og språkvariasjon
Hovudmoment
Elevane skal
- ha kunnskap om norsk språkhistorie frå ca. 1900 og fram til i dag
- ha kunnskap om dei viktigaste målmerka og kunne bruke dei i heimfesting av dialektar
Elevane skal ha lese ca. 5 ulike dialektprøver med dette siktemålet
- ha kunnskap om sosial variasjon i språket ( t.d. sosiolektar, gruppespråk og fagspråk )
- ha kunnskap om stilistikk og tekstsamanbinding og kunne nytte denne kunnskapen i arbeidet med tekst og språk
- ha kunnskap om argumentasjonsteknikk og kunne nytte denne kunnskapen i tekstanalyse og arbeidet med tekstar
- ha noko kunnskap om viktige skilnader
mellom norsk og andre nordiske språk
Mål 16 Litteratur
Elevane skal ha god
kunnskap om og oversyn over norsk litteratur på 1900-talet, og tekstane skal
setjast inn i ein samfunnssamanheng. Elevane skal ha noko kunnskap om annan
nordisk litteratur. I nokon grad kan ein og trekkje inn tekstar frå
verdslitteraturen
Hovudmoment
Elevane skal
- ha lese og kunne gjere greie for eit utval skjønnlitteratur og sakprosa i begge målformer frå
1900-talet. Både kvinnelege og mannlege forfattarar skal vere representerte. Tekstutvalet
skal vise viktige tendensar, problemstillingar og utviklingslinjer i perioden. Ein roman
eller eit drama, eit representativt utval korte prosatekstar (skjønnlitteratur og sakprosa)
og eit representativt utval lyrikk skal vere med. Minst åtte av av desse forfattarane bør
vere representerte i utvalet av tekstar: Knut Hamsun, Sigrid Undset, Olav Duun,
Johan Falkberget, Kristofer Uppdal, Oskar Braaten, Sigurd Hoel, Cora Sandel, Aksel Sandemose, Nordahl Grieg, Herman Wildenvey, Olaf Bull, Olav Nygard, Arnulf Øverland, Rudolf Nilsen, Rolf Jacobsen, Halldis Moren Vesaas, Inger Hagerup, Aslaug Vaa, Tor Jonsson, Alf Prøysen, Tarjei Vesaas, Johan Borgen, Torborg Nedreaas, Jens Bjørneboe og Olav H. Hauge
- ha god kunnskap om litterær analyse
- ha lese eit utval av danske og svenske tekstar og ein islandsk tekst i original
- ha lese omsett samisk litteratur
- ha noko kunnskap om
korleis nye medium (t.d. film, video, fjernsyn, radio, kassettar og plater)
formidlar litteratur
Mål 17 Særemne
Elevane skal kunne
fordjupe seg i eit avgrensa emne innanfor språk, litteratur eller massemedium
Hovudmoment
Elevane skal ha planlagt, gjennomført og presentert (skriftleg eller munnleg) eit større arbeid. Arbeidsstoffet skal i hovudsak hentast frå norsk (eventuelt nordisk) språk, litteratur eller massemedium. Verk frå verdslitteraturen kan også trekkjast inn. Utvalet av stoff skal vere så omfattande at det fangar inn vesentlege sider ved emnet.
Særemnet i litteratur kan til dømes vere
- forfattarstudium
- periodestudium
- sjangerstudium
- temastudium
Særemnet i språk kan til dømes vere
- dialektstudium
- studium av norrønt mål
- språkhistorisk emne
- studium av stadnamn og personnamn
- språksosiologisk emne
- stilistisk emne
- andre aktuelle språklege emne
Særemne i massemedium kan til dømes vere
- samanlikning mellom skjønnlitteratur og film
- reklamestudium
- studium av teikneseriar eller vekeblad
- analyse av språk og innhald i fjernsyns- eller radioprogram
- studium av massemedium som kulturformidlar
- studium av
massemedium som informasjonskjelde
Mål 18 Studieteknikk
Elevane skal kunne
arbeide metodisk, planmessig og kreativt i faget, både sjølvstendig og i
samarbeid med andre og kunne overføre denne kunnskapen også til arbeidet med
andre fag
Hovudmoment
Elevane skal
- kunne planleggje og gjennomføre eit større arbeid, individuelt og i samarbeid med andre
- kunne nytte vitskapleg arbeidsmåte i faget, syne dømmekraft, kreativitet og kritisk sans
- kunne planleggje og evaluere eiga læring
i faget i samarbeid med lærar
Målet med vurdering er å sikre ein nasjonal standard i opplæringa slik at vi kan få eit godt og likeverdig opplæringstilbod for alle. Vurderinga må byggje på måla for faget, slik dei er formulerte i læreplanen.
Vurdering har ulike føremål, mellom anna
å informere eleven, føresette, læraren og skolen i arbeidet fram mot eit læringsmål
å rettleie, motivere og utvikle eleven
å motivere læraren til kontinuerleg å vurdere undervisningspraksisen sin
å informere samfunnet, arbeidslivet og vidare utdanning om den kompetansen eleven har oppnådd
Måla for opplæringa, slik dei er fastsette i den generelle delen av læreplanen og i kapittel 2 i denne læreplanen, dannar grunnlaget for vurderinga
Det er eleven sin samla kompetanse som skal vurderast, slik denne kompetansen er formulert i måla for opplæringa
Vurderinga av eleven skal vise i kva grad ho/han har nådd måla i læreplanen
Ein skil mellom to hovudtypar av vurdering:
Vurdering undervegs.
Avsluttande vurdering.
Vurdering undervegs har som føremål å informere og motivere elevane og lærarane i arbeidet med å nå opplæringsmåla. Slik vurdering kan vere formell eller uformell. Eit nyttig hjelpemiddel i vurderingsarbeidet undervegs kan vere at eleven fører arbeidsbok, loggbok, dagbok eller liknande som er knytt til gjennomføringa av opplæringa. Den formelle vurderinga undervegs kjem til uttrykk i terminkarakterane. Lærarane vil finne idear og hjelp til vurderingsarbeidet i ei metodisk rettleiing.
Avsluttande vurdering kjem til uttrykk i standpunktkarakterar og i dokumenterte resultat av avsluttande eksamen.
Eksamensoppgåver til skriftleg eksamen skal i hovudsak vere knytte
til mål og hovudemne for faget. Dersom eksamen i norsk består av to skriftlege
eksamensdagar, skal den eine oppgåva skrivast på hovudmålet og den andre på
sidemålet.
Standpunktkarakterane i norsk skriftleg (hovudmål og sidemål) skal setjast på grunnlag av eit breiare utval av oppgåvetypar og skrivesituasjonar enn eksamenskarakteren, og ikkje berre på grunnlag av oppgåvetypar som eleven kan få til eksamen. Eksamenskarakterane og standpunktkarakterane skal til saman dokumentere brei skriftleg kompetanse i norsk.
For vurdering av norsk skriftleg og oppgåvetypar til norskeksamen viser ein til Vurderingsrettleiingar i norsk, utgitt av Eksamenssekretariatet.
Vurdering av særemnet i norsk (vidaregåande kurs II) skal inngå som ein del av karakteren i norsk skriftleg dersom eleven leverer ei skriftleg oppgåve. Dersom særemnet blir munnleg presentert, inngår det som ein del av vurderinga i norsk munnleg.
I kvart av skoleåra skal elevane gjennomføre eitt eller fleire prosjektarbeid. I minst eitt av prosjektarbeida skal fleire fag, både felles allmenne fag og studieretningsfag, inngå.
Vi viser elles til vedlegg 2 - Vurderingsordningar.
Det felles allmenne faget norsk på 150-187-187 årstimar (gjennomsnittleg 4-5-5 veketimar) kan delast i 4 modular. Modul 1 og 2 er obligatoriske i alle studieretningar. I yrkesfaglege studieretningar tilsvarar modul 1 og 2 det obligatoriske faget i norsk med 75 årstimar (gjennomsnittleg 2 veketimar på grunnkurset og 75 årstimar (gjennomsnittleg 2 veketimar) på vidaregåande kurs I. Modulane 3 og 4 er påbyggingsmodular som saman med modulane 1 og 2 er kravet til generell studiekompetanse i faget. Modul 1 - 4 er obligatoriske i studieretningane for allmenne og økonomiske/administative fag, musikk, dans og drama og idrettsfag. I desse studieretningane tilsvarar modul 1 og 2 grunnkurset i norsk med 150 årstimar, modul 3 vidaregåande kurs I med 187 årstimar og modul 4 vidaregåande kurs II med 187 årstimar.
Modulinndeling yrkesfaglege studieretningar |
Årstimar |
(Gjennomsnitt veketimar) |
Grunnkurs: Modul 1: Mål 1-6 med hovudmoment |
75 |
2 |
Vidaregåande kurs I: Modul 2: Mål 1-6 med hovudmoment |
75 |
2 |
Modulinndeling for allmenne og
økonomiske/administrative fag, musikk, dans og drama og idrettsfag: |
Årstimar |
(Gjennomsnitt veketimar) |
Grunnkurs: Modul 1 og 2 : Mål 1-6 |
150 |
4 |
Vidaregåande kurs I: Modul 3: Mål 7-12 |
187 |
5 |
Vidaregåande kurs II: Modul 4: Mål 13-18 |
187 |
5 |
Merknad til vedlegg 1
Utgangspunkt for undervisningstimetalet er samla timetal på årsbasis (årstimar). Gjennomsnittleg timetal pr. veke er årstimetalet dividert på 38. Jamfør arbeidstidsavtalen, der ein føreset at undervisninga blir lagd over 190 dagar fordelt på 38 veker.*
* Når det
gjeld spesielt organiserte tilbod for vaksne, kan ein gjennomføre opplæringa på
kortare tid (komprimerte løp).
For grupper eller enkeltelevar som har behov for det, kan ein strekkje
opplæringa over lengre tid.
Standpunktkarakterar
Elevane skal ha standpunktkarakterar etter kvart årssteg.
Resultat av prosjektarbeid skal inngå i standpunktkarakterane.
Dei elevane som tek 150-timarskurset i norsk med modul 1 på grunnkurset og modul 2 på vidaregåande kurs I, skal etter kvart årssteg ha to standpunktkarakterar, ein i skriftleg og ein i munnleg. Karakteren i norsk skriftleg byggjer på det elevane presterer i norsk hovudmål skriftleg.
Dei elevane som tek 150-timarskurset med modul 1 og 2 på grunnkurset, skal etter grunnkurset ha to standpunktkarakterar, ein i norsk skriftleg og ein i norsk munnleg. Karakteren i norsk skriftleg byggjer på det elevane presterer i norsk hovudmål skriftleg og norsk sidemål skriftleg. Prestasjonane i hovudmålet skal telje om lag to tredelar og i sidemålet om lag ein tredel av den samla karakteren i norsk skriftleg.
Etter modul 3 på vidaregåande kurs I og etter modul 4 på vidaregåande kurs II skal elevane ha standpunktkarakterar i tre disiplinar, ein i norsk hovudmål skriftleg, ein i norsk sidemål skriftleg og ein i norsk munnleg.
Eksamen
Dei elevane i yrkesfaglege studieretningar som tek 150-timarskurset i norsk (modul 1 og 2), kan kome opp til eksamen i norsk hovudmål skriftleg og norsk munnleg. Oppgåvene blir gitt lokalt etter sentrale retningslinjer.
Elevar som avsluttar norsk etter vidaregående kurs I med 337 timar (modul 1-3), kan kome opp til skriftleg eksamen i norsk hovudmål og sidemål eller til munnleg eksamen. Oppgåvene blir gitt lokalt etter sentrale retningslinjer.
Elevar som tek 524-timarskurset i norsk (modul 1-4), skal opp til eksamen i norsk hovudmål skriftleg og norsk sidemål skriftleg etter vidaregåande kurs II. Oppgåvene blir gitt sentralt. Elevane kan i tillegg kome opp til eksamen i norsk munnleg.
Privatistar
Det skal vere mogleg å ta privatisteksamen i faget etter nærmare retningslinjer gitt av departementet.