'Møte'


Arne Garborg



Ho sìt ein Sundag lengtande i Lid;
det strøymer paa med desse søte Tanker;
og Hjarta fullt og tungt i Barmen bankar,
og Draumen vaknar, bivrande og blid.
Daa gjeng det som ei Hildring yvi Nuten;
ho raudnar heit; -- der kjem den vene Guten.

Burt vil ho gøyme seg i Ørska braa,
men stoggar tryllt og Augo mot han vender;
dei tek einannan i dei varme Hender
og stend so der og veit seg inkje Raad.
Daa bryt ho ut i dette Undringsord:
"men snilde deg daa ... at du er so stor!"

Han smiler raud og strekkjer Led og Legg;
"det er vel so, naar Guten Kar maa vera,
han lærer au som vaksin Kar seg bera."
-- "Og tenk, eg trur at du hev fengi Skjegg!"
"Det var der fyrr," han svarar stø og sann;
"men kanskje det hev vaksi litegrand."

Han mjuk seg ned attunder Steinen slengjer,
og upp or Lumma Nistemat han dreg;
og gild han vera skal som andre Drengir;
"sjaa her er Egg! Deim tok eg med til deg."
Ho lær og sèt seg, so ho nett kann sjaa han.
I Barm det gjeng; ho fær kje Augo fraa han.

So sìt dei der i denne varme Dag;
han lentug er, og ho maa læ i eino;
ho er so glad som Fuglen millom Greino,
men kann kje koma rett i Svalle-Lag.
No, daa dei rett skal hava gildt og Gaman,
ho sìt der hjelpelaus og er som framand.

Han bed um Sogur, men kann inkje faa;
alt det ho stundom saag og langsynt drøymde,
det kann ho liksom ikkje koma paa;
det er som alle slike Ting ho gløymde.
"Nei lat no Trolli," bed ho, "gaa for seg.
I Dag eg heller høyre vil paa deg."

Han gjerne daa fortêl um Skarebròte,
der upp han vaks, og som han ein Gong fær;
dei fire Kyr skal maklegt føde der,
naar han fær stelt det paa den rette Maate.
Kvart Orde hans ho trygt kan stole paa;
og alt ho spýrr um; alt ho vìta maa.

So dreg dei rundt um Lid og logne Strendar
med snilde Smale og den kloke Ku;
og naar eit Bìl dei kann seg trygge tru,
so tek dei Fisk i Bekk med berre Hendar.
Den steikjer dei paa Glod som best dei rekk,
og tømer so den gode Nistesekk.

D'er gildt! -- naar berre ikkje dette var,
at ingin av deim lenger fri og kyrr
den andre kann i Augo sjaa som fyrr; --
han òg er brydd, som skulde vera Kar.
Naar berre ikkje dette eine skilde,
aa nei, so godt som daa det vera vilde!

Men upp det dreg; og døyvde Toremaal
i Bergi brumlar; snart vil Regne drive;
ved Gjætleberge snøgt dei maa seg live;
der under Heller er eit Livdahòl.
Det er kje stort; nett so det vel er vitjande.
Der inn dei kryler, og der vert dei sitjande.

Og som det lid til svale Kveldings Stund,
alt meir og meir i Lengt dei saman søkjer;
og braadt um Hals den unge Arm seg krøkjer,
og øre skjelv dei saman Munn mot Munn.
Alt svimrar burt. Og der i Kvelden varm
i heite Sæle søv ho i hans Arm.
>




6.861.491  visitors
Dette nettstedet er organisert av VGSkole.no som en ressursbase for elever i videregående skole
This site is designed and created by VGSkole.no for educational purposes


Kontaktinfo


Tilbud!!! Fri roaming i Europa - Bruk telefonen til alt - også utenfor Norge!