DNSCB Gå på norsk
skole i Spania!


Om siden
Siden er utskriftsklar. Utskriften kommer ferdig formattert. Du trenger kun å klikke 'Print'. Det vil si at unødvendige innslag som menyer, reklame, etc. fjernes automatisk ved utskrift.
Klikker du 'Oppsett' øverst til venstre kan du endre tre forhold.
  • Du kan velge fontstørrelse. Fontstørrelse 70 er vanligvis best for utskrift. Jo høyere prosenttall, jo større blir (ut)skriften (og motsatt).
  • Du kan velge om du ønsker billedutskrift - eller ei.
  • Du kan velge ønsket rammevidde.
Bilder og ulike former for grafikk kan du selv velge om du vil fjerne. Bilder, etc. vil forsvinne dersom du velger 'Nei'. Gjentar du operasjonen, og velger 'Ja', får du bildene tilbake.

NB! Reklamen på sidene finansierer driften av nettstedet. Kjøp herfra gjør ikke varen dyrere for deg, men gir oss en liten provisjon. :)

Bokliste
Norges mest leste litteratur får du hos Haugen Bok - kjøp den herfra :) - Flere bøker...
Skjønnlitteratur Generell litteratur Pocket- og billigbok
1. "Djevelkysset" (Lindell) 1. "Jeg er Zlatan" (Lagercrantz) 1. "Reisen hjem" (Lansens)
2. "En pingles dagbok" (Kinney) 2. "Fuglesang" (L. Svensson) 2. "Barnepiken" (K. Stockett)
3. "Nostradamus testamente" 3. "Hel ved: alt om hogging" 3. "Hundreåringen som klatret..."
4. "CeeCee Honeycutts..." (Hoffman) 4. "Justin Bieber" (L.S. Jensen) 4. "Tilbake til Tall Oaks" (Grissom)
5. "Gjenferd" (Nesbø) 5. "Pappas prinsesse" (Edvardsen) 5. "Flaskepost fra P" (Adler-Olsen)
Kilde: Dagbladet - oppdatert 04.07.2012





Petitartikkel og kåseri

Kilde: "Språkbruksanalyse" DNS
Namnet petitartikkel kjem av det franske ordet for liten: petit, og eigentleg tyder nemninga ein tekst som er skriven med ein bestemt teksttype kalla petit. I typografien har teksttypane namn etter storleiken. Ein vanleg teksttype, cicero, har til dømes 12 såkalla typografiske punkt, medan petit er ein noko mindre skrifttype med 8 punkt.
Petitartikkelen har altså fått namnet sitt fordi det var ein tekst med litt uhøgtidleg innhald som vart trykt med mindre bokstavar enn resten av stoffet i ei avis eller eit blad.
Petiten er ein kort tekst, som oftast kortare enn essayet, og meininga er å underhalde. Men det kan likevel vere eit alvorleg poeng under dei vittige formuleringane. Særmerkt for petiten er at han ofte handlar om ei bestemt aktuell hending, som petitforfattaren gjerne set på spissen for å få fram eit poeng. Og poenget er ofte å snu litt på vanlege oppfatningar, eller å få fram noko forfattaren er usamd i. Men den som nyttar genren petit for å få sagt det han meiner, vel å gjere dette utan gravalvor, tvert om prøver han å utnytte den krafta som ligg i det å få låtten på si side.
Kåseriet er i slekt med petiten, men det skal framførast munnleg, som eit underhaldande foredrag. Kåseriet har dei same kjenneteikna som petiten, men kan gjerne vere lengre.
Dei viktigaste kjenneteikna ved desse to genrane kan vi oppsummere i fem punkt:

  1. Munnleg språk. Både i ordval og setningsbygnad kan forfattaren utfalde seg svært fritt. Både ufullstendige setningar og dialektinnslag kan vere nyttige verkemiddel.
  2. Ironi. Dette er eit av dei viktigaste verkemidla i petiten.
    Ironi vil seie at vi seier noko, men lèt det skine gjennom at det motsette er det rette.
  3. Humor og satire. Det kan vere mange måtar å få folk til å le på. Berre det å sjå ein situasjon frå ein uvanleg synsstad eller i ein uvanleg samanheng, kan vere morosamt. Ei viss overdriving (hyperbol) eller «underdriving» (litotes) kan gi ein humoristisk verknad.
    Satiren liknar meir på ironien enn humoren gjer, og kallar lettare på flir enn på latter. Men satire er ikkje det same som ironi.
    Når vi nyttar satire, prøver vi å få fram det vi meiner er latterleg, når vi nyttar ironi, seier vi det motsette av det vi meiner.
  4. Vandring i emnet. Både i petiten og i essayet knyter forfattaren stoffet saman ved hjelp av anekdotar og frie assosiasjonar. Det kan verke som om han er på ei slags reise og stoppar der han har bruk for det.
  5. Subjektivitet. Petitartikkelen er svært personleg, anten den er skriven i eg-form eller ikkje. Det er jo nettopp meiningar og holdningar hos forfattaren som pregar forma. Han har stor fridom til å velje verkemiddel, og det er ikkje noko strengt krav om at han skal vere sakleg. Han kan gjerne overdrive eit poeng eller setje ei sak på spissen.
    Mange aviser har ei fast petitspalte der ein petitjournalist tek opp aktuelle saker på sin eigen måte. Petiten fungerer da som ein satirisk kommentar til aktuelle hendingar.
    l radioen er det og faste programpostar med kåseri. Kvar morgon kåserer ein morgonkåsør over aktuelle eller allmenne emne. Om emna og verkemidia kan vere ulike, har dei likevel eitt felles drag, dei vil alltid ha ein viss brodd.
(Kilde: "Språkbruksanalyse" DNS)
Suggestions/mistakes

Forslag/feil





Bokliste
Norges mest leste litteratur den siste uken kan du kjøpe hos Adlibris

Skjønnlitteratur Generell litteratur Pocket- og billigbok
1. Doktor Proktor og det store gullrøveriet 1. Bli best med mental trening 1. Hundreåringen som klatret...
2. Kaptein Supertruse og rampete roboter 2. Krigere og diplomater 2. Blomstenes hemmelige språk
3. De usynlige 4. Trines mat 3. Indias datter
4. Et helt halvt år 4. Verdt å vite fra gr. skolen 4. En pingles dagbok: femte hjul...
5. Hulemannen 5. Norsk etymologisk ordbok 5. Jakthundene
6. Og fjellene ga gjenlyd 6. Studentkokeboka 6. Jeg nekter
7. Kaptein Supertruse og de drittleie doene 7. Himmelen finnes 7. Alligatorvannet
8. Politi 8. 1814: Miraklenes år 8. Fortellingen i fiolinen
9. Tråden 9. Det vi kan stå for 9. En sjøens helt: Skogsmatrosen
10. Disse øyeblikk 10. Viljestyrke 10. Journal 64
Kilde: Bokhandlerforeningen - oppdatert 27.09.2013
6.485.300  visitors